Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS: engelsk International Ski and Snowboard Federation, fransk Fédération internationale de ski et de snowboard) er verdsorganisasjonen for i fremste rekke alpin skisport og nordisk skisport. Organisasjonen vart skipa 2. februar 1924 i Chamonix, 14 nasjonale skiforbund var med på skipinga. I 2022 vart nemninga snøbrett teke med i det offisielle namnet på organisasjonen.
Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet har i 2022 i alt 135 medlemsland. Hovudkontoret ligg i Oberhofen am Thunersee i kantonen Bern i Sveits. Organisasjonen har tre offisielle språk; engelsk, fransk og tysk.
Historie FIS vart skipa under den internasjonale skisportsveka i Chamonix vinteren 1924, seinare anerkjent som dei 1. olympiske vinterleikane. Skipinga av FIS var ei vidareføring av den internasjonale skikommisjonen (CIS) som hadde kome saman i Kristania vinteren 1910 og som i 1911 vedtok regelverk for dei ulike tevlingane innan nordiske greiner. Alpine greiner kom med i Det internasjonale skiforbundet i 1930. Sidan 1965 har ein teke med fleire særgreiner, fyrst speedski, seinare freestyle-ski (1977), grasski, rulleski og snøbrett (begge 1994).
Presidentar 1924–1934: Ivar Holmquist, Sverige 1934–1951: Nikolai Ramm Østgaard, Noreg 1951–1998: Marc Hodler, Sveits 1998–2021: Gian-Franco Kasper, Sveits 2021– : Johan Eliasch, Sverige
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fédération Internationale de Ski» frå , den 30. desember 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ski Kategori:Skipingar i 1924 Kategori:Sportsorganisasjonar Kategori:Internasjonale organisasjonar