mini|Nadig på frimerke frå Ras al-Khaimah, 1972 Marie-Therese Nadig () frå Flums i kantonen St. Gallen i Sveits er ein tidlegare skirennar. Ho vann to gullmedaljar under Vinter-OL 1972 i Sapporo, og i 1981 den alpine verdscupen for kvinner.

Nadig debuterte i verdscupen i 1970. Under vinterleikane 1972 vann ho gullmedaljane både i utfor og i storslalåm. Mellom 1975 og 1981 vann Nadig 24 verdscuprenn, 13 av dei i spesialgreina utfor. Etter å ha gjort sin beste sesong i verdscupen i 1980 med ein tredjeplass, vann ho verdscupen i alpint 1981. Ho vann i 1980 også utforcupen og i 1981 både utfor- og kombinasjonscupen.

Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid vann Nadig bronsemedaljen i utfor.

Nadig har vore trenar på landslagsnivå både i Liechtenstein og i heimlandet Sveits.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marie-Theres Nadig» frå , den 13. januar 2012.

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980