mini|Sarpsborg kyrkje Søndre Borgesyssel prosti (tidl. Sarpsborg prosti) er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Halden og Sarpsborg. Prosten har sete i Sarpsborg.
Historie Prostiet vart skipa som Sarpsborg prosti i 1973. Det vart danna av prestegjelda Sarpsborg, Tune og Varteig overført frå Vestre Borgesyssel prosti og Idd, Halden, Berg og Skjeberg overført frå Nedre Borgesyssel prosti. I 2019 vart prostinamnet endra til Søndre Borgesyssel.Borg bispedømmeråd: Ny prosteinndeling i Borg bispedømmeKirkelig fellesråd i Sarpsborg: Innkalling til møte 14. mai 2019Borg bispedømme: Prostier, proster og menigheter i Borg
Tidslinje 1973 - Sarpsborg prosti vart oppretta. Det bestod frå starten av prestegjelda Sarpsborg, Tune, Varteig, Idd, Halden, Berg og Skjeberg. 1985 - Greåker prestegjeld vart oppretta. Området vart skilt ut frå Tune. 2004 - Den norske kyrkja byrjar fase ut ordninga med prestegjeld.
Sokn i Sarpsborg prosti Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd Asak sokn Asak kyrkje Halden Berg sokn i Borg Berg kyrkje i Halden Halden Enningdalen sokn Prestebakke kyrkje Søndre Enningdalen kyrkje Halden Greåker sokn Greåker kyrkje Sarpsborg Hafslund sokn Hafslund kyrkje Sarpsborg Holleby sokn Holleby kyrkje Sarpsborg Idd sokn Idd kyrkje Halden Ingedal sokn Ingedal kyrkje Sarpsborg Halden sokn Immanuels kyrkje Halden Rokke sokn Rokke kyrkje Halden Sarpsborg sokn Sarpsborg kyrkje Sarpsborg Skjeberg sokn Skjeberg kyrkje Sarpsborg Skjebergdalen sokn Skjebergdalen kyrkje Sarpsborg Solli sokn Solli kyrkje Sarpsborg Tistedal sokn Tistedal kyrkje Halden Tune sokn Tune kyrkje Sarpsborg Ullerøy sokn Ullerøy kyrkje Sarpsborg Varteig sokn Varteig kyrkje Hafslundsøy kyrkje Sarpsborg
Prestegjeld Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Sarpsborg prosti desse prestegjelda:
Sarpsborg prestegjeld Sarpsborg sokn
Skjeberg prestegjeld Skjeberg sokn Ingedal sokn Ullerøy sokn Hafslund sokn Skjebergdalen sokn
Varteig prestegjeld Varteig sokn
Tune prestegjeld Tune sokn Holleby sokn
Greåker prestegjeld Greåker sokn Solli sokn
Idd prestegjeld Idd sokn Enningdalen sokn Tistedal sokn Asak sokn
Halden prestegjeld Halden sokn Berg sokn i Borg Rokke sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Sarpsborg prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Borg bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Østfold fylke Kategori:Skipingar i 1973 Kategori:1973 i Noreg