Vitskap i 1887 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1887.
Hendingar 3. mars - Den døvstumme og blinde Helen Keller møtte læraren sin Anne Sullivan. 4. mars - Gottlieb Daimler viste fram den første automobilen. 8. mars - Everett Horton i Connecticut patenterte ei teleskopisk fiskestong av stålrøyr. 13. mars - Chester Greenwood patenterte øyremuffer. 8. juni - Herman Hollerith fekk patent på ein reknemaskin med holkort. 26. juli - L.L. Zamenhof publiserte Lingvo Internacia de Doktoro Esperanto. august - Anna Connelly tok patent på branntrappa. august - Ved Marine Hospital på Staten Island, NY vart det grunnlagd eit hygienisk laboratorium, det noverande National Institutes of Health i USA. 8. november - Tyskamerikanaren Emile Berliner fekk patent på den første grammofonen. Vulkanutbrotet i Mauna Loa på Hawaii, som hadde pågått sidan 1843, minka. Heinrich Hertz oppdaga elektromagnetismen. Michelson-Morleys eksperiment viste at lyssnøggleiken er uavhengig av forflytting. Adolf Fick fann opp kontaktlinser. Comptometeren vart patentert av Dorr Eugene Felt. Ein britisk samskipnad for sjukesystrer vart grunnlagd. Von Oppolzer publiserte ein katalog over føreseielege solformørkingar. Huang He i Kina fløymde over og 900 000 døydde. Thomas Stevens vart den første til å sykle rundt jorda.
Prisvinnarar Bigsbymedaljen: Charles Lapworth, engelsk paleontolog. Copleymedaljen: Joseph Dalton Hooker, britisk botanikar og forskingsreisande. Davymedaljen: John A R Newlands, britisk kjemikar. De Morgan-medaljen: James Joseph Sylvester, britisk matematikar. Wollastonmedaljen: John Whitaker Hulke, britisk kirurg og geolog.
Fødde 22. juni - Julian Huxley, britisk biolog og forfattar (død ). 18. august - Erwin Schrödinger, austerriksk fysikar (død ).
Døde 22. januar - Joseph Whitworth, engelsk maskiningeniør (fødd ). 16. august - Julius von Haast, tysk geolog og paleontolog (fødd ). 19. august - Spencer Fullerton Baird, amerikansk ornitolog og iktyolog (fødd ). 19. august - Alvan Clark, amerikansk astronom og teleskopprodusent (fødd ). 17. oktober - Gustav Kirchhoff, tysk fysikar (fødd ).