Trackshittaz er ei austerriksk hiphop-gutegruppe frå Mühlviertel som består av Lukas Plöchl og Manuel Hoffelner.
Österreich rockt den Song Contest 24. februar 2012 deltok dei i Österreich rockt den Song Contest med songen «Woki mit deim Popo» og gjekk vidare til superfinalen. I superfinalen vann dei med 51 % av røystene og fekk dimed representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2012.
Eurovision Song Contest 2012 Trackshittaz starta som éin av dei ni siste i den fyrste semifinalen, men gjekk ikkje vidare til finalen. Songen deira vart det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på mühlviertelsk.
Bakgrunnsstoff
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Trackshittaz» frå , den 10. mars 2012.
Kategori:Austerrikske gutegrupper Kategori:Musikkgrupper frå 2010-talet Kategori:Eurovision Song Contest 2012-deltakarar Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Österreich rockt den Song Contest-deltakarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest