Blæretang, er ein vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.
Utsjånad thumb|Nærbilete av blærene Fleirårig brunalge med ein tydeleg midtnerve heilt ut til enden av skota og til vanleg med kuleforma luftblærer, som oftast er ordna parvis på kvar side av midtnerven. Tangen kan verte over 1 m lang. Han- og hoorgan vert utvikla på ulike plantar. Organa sit i oppsvulma greinspissar (receptaklar). Receptaklane er ovale og modnast i april- juni. Receptaklane og skota dei sit på rotnar og fell av etter befruktinga. Utsjånaden på tangen kan variere sterkt med arv, miljø og alder.
Utbreiing upright|thumb|Botanisk teikning frå 1903 Planta veks langs atlanterhavskystane i Europa, det nordlege Russland, Austersjøen, Grønland, Asorane, Kanariøyane, Marokko og Madeira. Ho er også funnen på atlanterhavskysten i Nord-Amerika frå Ellesmereøya og Hudsonbukta til Nord-Carolina.
Førekomst i Noreg Vanleg langs heile kysten og dannar ofte eit belt, blæretangbeltet, i øvre del av fjøresonen på skjerma stader, men kan også vekse djupare, ned til om lag 10 m. På sterkt utsette stader kan blæretangen heilt mangle blærer.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fucus vesiculosus» frå , den 11. mars 2012. Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
Bakgrunnsstoff
Kategori: Algar Kategori: Sjøplantar i Noreg