Catharinus Elling () var ein norsk musikkpedagog og folkemusikksamlar og komponist.

Elling var fødd i Oslo, der han òg døydde. Han studerte pianospel og komposisjon i Leipzig 1877–1878 og i Berlin 1886–1887. Frå 1896 til 1908 var han lærar ved Oslo musikkonservatorium. Han skreiv blant anna symfoniar, ein fiolinkonsert, kammermusikk og ein opera. Mange musikarar som seinare skulle bli framtredande i norsk musikkliv, til dømes Fartein Valen, byrja å studera under Elling.

Elling gav og ut mange artiklar om norsk folkemusikk, og var ein av dei første som gjekk aktivt inn for å skrive ned folketonar i Noreg. Elling sitt grunnarbeid er verdifullt, sjølv om han ikkje støtt tok omsyn til dei tonale avvika frå det klassiske som fanst i folkemusikken.

Han var bror av ingeniøren Ægidius Elling, som fann opp gassturbinen.

Verk (ikkje fullstendig) Symfoni i A-dur (1890) Operaen Kosakkerne (1894) Oratorium Den forlorne Søn (1896)

Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske folkemusikksamlarar Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Komponistar frå 1800-talet