Riddarsporeslekta (Delphinium) er ei planteslekt i soleiefamilien. Om lag 300 artar tilhøyrer slekta. Desse finn ein naturleg frå Vest-Europa aust til Sentral-Asia.
Det er ingen artar i denne slekta som veks naturleg i Noreg. Derimot er ein type nytta mykje som hageplante; spesielt kultivarar av hybriden Delphinium x elatum, hageriddarspore.
Nemninga riddarspore blir òg nytta om plantar både i slektene Consolida og Delphinium.
Alle artane er giftige.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Flora of China - Delphinium Flora of North America - Delphinium
Kategori:Slekter i soleiefamilien Kategori:Soleiefamilien Kategori:Giftige plantar Kategori:Medisinplantar