mini|300px|Helleristningar ved Fångsjön. Foto: Erik Svanberg Fångsjön er ein innsjø nord i Jämtland i Sverige, ca. 6 km søraust for Strömsund, mest kjend for helleristningane sine. Det er òg avdekt steinalderbuplassar og fangstgroper i tilknyting til innsjøen. Fångsjön er av nasjonal svensk interesse for kulturbevaring som følgje av dei forhistoriske leivningane på staden, og er difor verna i samsvar med Miljöbalken.
Helleristingane På ei bratt klippe ved den nordaustlege breidda av Fångsjön, midt på Fångsjöberget, finn ein helleristingane, som består av tre figurgrupper som inneheld mellom anna to menneskefigurar og eit tjuetalls elgfigurar. Motiva er vende mot innsjøen, og kan lettast studerast frå isen eller den nyanlagte brygga som fører fram til helleristingane. Helleristingar er vanskelege å tidfeste, men desse er truleg utført av eit jegerfolk i yngre steinalder, omkring 2500-2000 f.Kr.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fångsjön» frå , den 14. juni 2012.
Bakgrunnsstoff Länsstyrelen i Jämtlands län (Fångsjön som kulturmiljö) FMIS Ström 332:1, Riksantikvarieämbetet.
Kategori:Innsjøar i Jämtland Kategori:Arkeologiske stader i Sverige