Östersund kommune ligg i det svenske länet Jämtlands län i Jämtland. Kommunen har grensar til nabokommunane Krokom, Strömsund, Ragunda, Bräcke og Berg. Administrasjonssenter i kommunen er Östersund. Kommunen er den einaste bykommunen i Jämtland og er den mest folkerike kommunen i länet.

Samisk språk Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunenDet svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk og Östersund kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Geografi I vest grensar kommunen til den femte største innsjøen i Sverige, Storsjön. Den største øya i innsjøen, Frösön, ligg i kommunen. Indalsälven renn gjennom kommunen.

E14 og E45 går gjennom kommunen. Östersund er knytt til det svenske jernbanettet ved Inlandsbanan og Mittbanan. Östersund flyplass på øya Frösön har ruter til Stockholm og fleire andre svenske byer.

Tettstader Östersund kommune hadde ti tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar 1. Östersund 43 359 2. Brunflo 3 916 3. Lit 1 051 4. Ope 441 5. Tandsbyn 396 6. Häggenås 351 7. Orrviken 239 8. Optand 238 9. Marieby 218 10. Fåker 209

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Östersund kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside

Kategori:Kommunar i Jämtlands län