Vladimir Semjonovitsj Kuzin (russisk Владимир Семёнович Кузин) () frå Lampozjnja i Arkhangelsk oblast var ein russisk langrennsløpar som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister både på tremila og femmila under Ski-VM 1954 i Falun. Under OL 1956 i Cortina d'Ampezzo gjekk han på fjerdeetappen Sovjetunionen inn til olympisk gull på 4x10 km stafett.
Aktiv Langrennsløparar frå Sovjetunionen hadde ikkje tevla mot nordiske utøvarar før verdsmeisterskapen i Falun i februar 1954. På opningsdistansen tok finske langrennarar alle tre medaljane, med Sovjets Fedor Terentjev på fjeredeplass og Vladimir Kuzin på 10. plass. To dagar seinare gjekk Kuzin heilt til topps på 30 km, med tida 1.50.25 slo han verdsmeisteren frå 15 km, Veikko Hakulinen, med 26 sekundar. Nye to dagar seinare, og det var endå tettare mellom dei to. Men enno ein gong gjekk Kuzin ut som sigerherre, på tida 3.02.58, medan Hakulinen kom i mål på 3.03.06. På 4x10 km gjekk dei to løparane ankeretappane for sine respektive nasjonar, men her såg Kuzin aldri noko til Hakulinen som gjekk Finland inn til gullmedalje, Sovjet på sølvplassen var over to minuttar bak.
Også under vinter-OL 1956 gjekk Kuzin ankeretappen for Sovjetunionen, og Hakulinen for Finland. Då var rollene omsnudd, Sovjet vann gull eitt minutt føre Finland. Saman med Kuzin gjekk Fedor Terentjev, Pavel Koltsjin og Nikolaj Anikin.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vladimir Kuzin» frå , den 21. juli 2012.
Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1956