Charles Kittel () var ein amerikansk fysikar. Kittel medverka mellom anna til utvikling av ultralyd- og mikrobølgje-resonansmetodar for studiar av faste stoff, og studerte sjølv ferromagnetiske og antiferromagnetiske material og fargesenter i elektriske halvleiarar. Fleire av lærebøkene hans er internasjonalt kjende, som Introduction to Solid State Physics og Quantum Theory of Solids.
Han var forskar ved Bell Telephone Laboratories frå 1947 til 1951 og professor ved University of California, Berkeley frå 1951 til 1978.
Kjelder
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Fysikarar på 1900-talet