Benoît David () er ein canadisk progressiv rock-vokalist, mest kjend som tidlegare vokalist for Yes. Han starta samarbeidet sitt med bandet som gjestevokalist under «In The Present»-turneen i 2008–2009. David vart 15. oktober 2009 presentert som offisielt medlem av Yes. Han slutta i bandet i februar 2012, etter at han fekk problem med stemma Europa-turnen til bandet hausten og vinteren 2011.Noise11.com – «Yes Recruit Another New Singer», 8. februar 2012.
Han er òg medlem av bandet Mystery, og var frå 1994 til 2009 med i Yes-coverbandet Close to the Edge.ctte.net
Benoît David var våren og sommaren 2010 med på USA-turneen til Yes, og bandet starta hausten 2010 innspelingar av albumet Fly from Here med David som vokalist. Albumet vart gjeve ut sommaren 2011.YesWorld.com – «YES Signs New Worldwide Recording Deal with Frontiers Records» Han er òg vokalist på konsertalbumet In the Present – Live from Lyon, som vart spelt inn i desember 2009 og gjeve ut i november 2011.
Diskografi Yes 2011 Fly from Here 2011 In the Present – Live from Lyon (konsertalbum) Mystery 2007 Beneath the Veil of Winter's Face 2010 One Among the Living 2012 The World is a Game 2014 Tales from the Netherlands (konsertalbum)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Benoît David» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Mystery Offisiell nettstad for Yes
Kategori:Kanadiske songarar Kategori:Yes-medlemmar Kategori:Folk frå Montreal