Tautra Mariakloster er eit katolsk kvinnekloster på øya Tautra i Trondheimsfjorden. Tautra ligg i Frosta kommune i Nord-Trøndelag. Nonnene i klosteret høyrer til cisterciensarordenen.
Klosteret ligg ikkje langt frå ruinane av Tautra kloster frå mellomalderen, som var eit munkekloster frå den same ordenen. Tautra Mariakloster vart grunnlagt i provisoriske bygningar i 1999. Grunnsteinen til eit nytt kloster vart så lagt ned av dronning Sonja 8. mai 2003. Den 25. mars 2006 vart klosteret gitt status som sjølvstendig priorat. Klosterbygningane vart tatt i bruk i 11. juli 2006.«Viste frem nytt kloster» – NRK Trøndelag, 9. august 2006«Bønnestund i Guds frie natur» – Trønder-Avisa, 9. august 2006
mini|venstre|Kyrkja som er teikna av Jensen & Skodvin Arkitektkontor.
I mars 2007 vart det nye bygget, som er teikna av Jensen & Skodvin Arkitektkontor, kåra til «årets bygg» for 2006 av byggebransjen i Noreg.NRK: «Klosteret på Tautra årets bygg»
Klosterkyrkja vart vigsla 12. mai 2007. Ved dette høvet var òg dronning Sonja til stades.katolsk.no: «Kirkevigsel på Tautra»
Kommunestyret i Frosta nominerte i oktober 2011 klosteret som kulturminne.«Nominert som kulturminne» Stjørdals-Nytt 13. oktober 2011, besøkt 14. oktober 14. oktober 2011
Relikviar I samband med vigslinga vart det lagt inn relikviar av følgjande helgenar i altaret: den heilage martyren Maria Goretti (1890–1902), den salige bulgarske biskopen og martyren Eugenius Vincent Bossilkov CP (1900–1952), den heilage Benedikt av Nursia (ca 480-547), den heilage karmelittsøstera og kyrkjelæraren Teresa av Lisieux OCD (1873–1897), den salige spanske trappistoblaten Rafael Arnáiz Barón OCSO (1911–1938) og den salige sardinske trappistsøstera Maria Gabriela Sagheddu OCSO (1914–1939).Frå biografien om Teresa av Lisieux på katolsk.no
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tautra Mariakloster» frå , den 7. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tautra Mariakloster sin nettstad
Kategori:Katolske kloster Kategori:Kloster i Noreg Kategori:Den katolske kyrkja i Noreg Kategori:Byggverk i Frosta Kategori:Cisterciensarordenen