Imre Németh () var ein ungarsk friidrettsutøvar som tevla i sleggjekast. Han vart olympisk meister i sleggekast i 1948 i London. Németh kom til verda i Košice, i dag i Slovakia, den gongen i kongeriket Ungarn. Han var far til Miklós Németh som vann OL-gull i spydkast under sommar-OL 1976.
Aktiv Németh var med då den fyrste internasjonale meisterskapen i friidrett, EM 1946, vart arrangert i Oslo i august månad. Her vart han nummer fire. Midtvegs i juli 1948, to veker før Sommar-OL i London vart opna, sette han ny verdsrekord i sleggekast med eit kast på 59,02 meter i Tata, to centimeter lengre enn den ti år gamle rekorden. Så langt kasta han ikkje i olympiaden, der han hadde dei tre lengste kasta, med 56,07 m i sjette og siste omgangen som det alle lengste.
I 1949-sesongen forbetra Németh, i polske Katowice, sin eigen verdsrekord til 59,57 m og året etter ytterlegare til 59,88 m i Budapest. Denne siste rekorden stod til Sommar-OL 1952 i Helsingfors, der hans eigen landsmann, József Csermák, vart den aller fyrste som kasta slegga over 60 meter. Sjølv oppnådde Németh 57,74 meter i OL-tevlinga og fekk bronsemedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1946 i Oslo: Nr 4 - 50,03 m OL 1948 i London: Gullmedalje (56,07 m) framom Ivan Gubijan (54,27 m) frå Jugoslavia OL 1952 i Helsingfors: Bronsemedalje – 57,74 m EM 1954 i Bern: Nr 6 - 56,86 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Imre Németh» frå , den 9. august 2012. Denne artikkelen bygger på «Imre Németh» frå , den 9. august 2012. World Athletics
Kategori:Ungarske sleggekastarar Kategori:Olympiske meistrar for Ungarn Kategori:Olympiske meistrar i sleggekast Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ungarn Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952