mini|Landsbyen Çımaklı i distriktet Espiye i Giresun
Provinsen Giresun (tyrkisk Giresun ili) er ein provins i Tyrkia ved kysten av Svartehavet. Naboprovinsane er Trabzon i aust, Gümüşhane i sørvest, Erzincan i sør, Sivas i søraust og Ordu i vest. Provinshovudstaden er Giresun.
Giresun er eit jordbruksområde med mykje ven natur, særleg i høglandet. Områda nær Svartehavet er den største produsenten i Tyrkia av hasselnøtter. I dei høgare fjellområda finn ein skog og beitemark og some stader gruvedrift for kopar, sink, jern og andre metall. Fjellandsbyane er fjerntliggande med dårlege vegar og lite anna infrastruktur.
Klimaet er vanleg for denne delen av svartehavskysten, som vil sei fuktig.
Distrikt Provinsen Giresun er delt inn i 16 distrikt (hovuddistriktet er utheva): Alucra Bulancak Çamoluk Çanakçı Dereli Doğankent Espiye EynesilGiresun Görele Güce Keşap Piraziz Şebinkarahisar Tirebolu Yağlıdere
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Giresun Province» frå , den 19. august 2012.
Bakgrunnsstoff Om Giresun
*