Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd.

Mottoet for festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking. Under festivalen blir forsking i praksis demonstrert for ulike målgrupper. Festivalen blir halde kvart år i veke 38 og 39. 2012 er attande året på rad festivalen går av stabelen. I 2012 varar den frå 19. til 30. september. Dei aller fleste arrangementa er gratis og opne for alle.

Bidragsytarane er universitet, høgskolar, forskingsinstitutt, biblioteke, museum og næringsliv som ønskjer å formidle til eit breitt publikum. Det er registrert om lag 200 arrangørar totalt. Det nasjonale sekretariatet for festivalen er ein del av Kommunikasjonsavdelinga i Noregs forskingråd og legg tilrette, koordinerer og lagar blest rundt arrangementa ved alle einskildinstitutsjonane. I tillegg står sekretariatet for ein del nasjonale arrangement som f.eks. opningsarrangement og nasjonal finale i Forskar grand prix. Sekretariatet hadde i 2012 2,5 årsverk.

Årlege tema og slagord

Forskingsdagane er til for alle fag og alle forskingsfelt, men har sidan 2003 fokusert ekstra på eit overordnet tema kvart år. Tema blir bestemt av Forskingsrådets leiarmøte:

2003 – Helse: Kunsten å overleve 2004 – Innovasjon og nyskaping: På sporet av framtida 2005 – Fysikk og design: Umoglege moglegheiter 2006 – Etikk: Med viten og vilje 2007 – Polaråret: Tampen brenn 2008 – Miljøvennlig energi: Gjennom ild og vatn 2009 – Berekraft og evolusjon: Kunsten å overleve 2010 – Forskingas verktøy: Vegen til viten 2011 – Kjemi: Magisk og logisk 2012 – Samfunn: Den menneskelege faktor 2013 – Hav og vann: Eit hav av hemmelegheiter 2014 – Kommunikasjon: Rom for store tankar 2015 – Mat Svolten? 2016 – Grenser Utan grenser 2017 – Verdiar: Kva gjer noko verdfullt? 2018 – Oppvekst: Verdas største eksperiment: Å vekse opp med internett 2019 – Miljø: Kva gjer forskarane og kva kan vi gjere? 2020 – Hjernen Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norsk forsking Kategori:Forskingsformidling Kategori:Skipingar i 1994