«Fram» var eit skip som vart bygd for Fridtjof Nansen i 1891–1892. Byggmeister var Colin Archer. «Fram» vart brukt på tre kjende polarekspedisjonar. I si tid var ho det fartøyet som hadde vore lengst mot nord, og lengst mot sør på jorda. Ho er framleis det trefartøyet som har desse rekordane.

Den første Framferda Med Nansen som leiar Idé Målet med den første «Fram»-ferda var å vise at eit fartøy kunne drive med ein vestgåande havstraum over Nordishavet. På ferda skulle det utførast vitskaplege granskingar. Nansen gav uttrykk for at han hadde lyst til å nå Nordpolen, utan at det skulle gå ut over dei viktige måla.Nansen Brev 1 s 188. Brev til kaptein Hans C. Johannesen, Tromsø desember 1892 Nansen fekk ideen om ei ferd mot Nordpolen tidleg på 1880-talet.Sannes. Fram s. 27 Under selfangartoktet med «Viking» til Aust-Grønland i 1882 fekk han fleire impulsar.

I juni 1884 vart det funne gjenstandar på Sørvest-Grønland som skreiv seg frå «Jeanette», skuta til den USA-amerikanske polarforskaren George Washington DeLong. Ho vart knust av isen og sokk i ishavet nord for Aust-Sibir i juni 1881. Nansen las om funnet i ein artikkel av professor Henrik Mohn i Morgenbladet i november 1884. Frå då arbeidde Nansen etter teorien om at eit skip måtte kunne drive med isen over Polhavet etter same straumen som vrakgodset etter «Jeanette» hadde følgt.

Først i 1888, etter Nansen si Grønlandskryssing, vart ideen om ein slik ekspedisjon drøfta offentleg.Sannes Fram s. 29 I eit foredrag i Det norske Geografiske Selskab 18. februar 1890, la Nansen fram planane sine. Tanken hans var å bygge eit fartøy, så lite og sterkt som råd. Det måtte kunne romme eit mannskap på tolv, med kolforsyning og proviant for fem år. Fartøyet måtte vere bygd slik at det tolde trykket frå isen.Talen referert i marshefte av «Naturen»

Bygging mini|Skipsbyggaren Colin Archer Våren 1890 tok Nansen første gong kontakt med båtbyggaren Colin Archer i Larvik. Nansen hadde då fått teikna det første utkastet til polarskipet. Archer var ein av fleire, selfangarar og båtbyggarar, han vende seg til for å få vurdert utkastet. Archer var positiv i si vurdering. I desember same året drog Nansen, saman med Otto Sverdrup, til Larvik for å drøfte bygging av skipet. Nansen hadde før vendt seg til Christen Christensen i Sandefjord, men han fann oppgåva for stor.

Colin Archer var ikkje straks villig. Største utfordringa såg han i å skaffe høvelege materialar. Utover vinteren 1891 var det stadig kontakt mellom Nansen og Archer. Archer laga fleire teikningar og modellar. I april bad Nansen han sette i gang å skaffe materialar. Etter søknad til regjeringa fekk dei kjøpe vellagra eikematerialar frå Marineverftet i Horten. Dei får kjøpt mykje høveleg furu og gran frå nærliggande skogar ved Larvik. Noko material, som til dømes almetrea til kjøl, vart kjøpt i England. Sverdrup var i Stettin og kjøpte plankar til ishud og dekk.

I juli starta arbeidet med spanta på Laurvig Strandværft i Rekkevika på austsida av Larvikfjorden.Sannes Colin Archer skipene I september starta oppspantinga. Gjennom heile byggeprosessen var det stadig kontakt mellom Archer, Nansen og Sverdrup. Det vart stadig gjort justeringar av konstruksjon og innreiing. Meister på verftet under bygginga var Anders Olsen frå Brunlanes.

Med ein tonnasje på 402 brutto registertonn ved sjøsettinga, vart «Fram» større enn Nansen hadde tenkt seg. Største lengd vart 39,00 meter, og lengda i vasslinja 36,25 meter. Største breidda vart 11,00 meter. I tillegg kom ishuda av greenheart, som var opptil 15 cm tjukk. Tjukkleiken på dei bogeforma skipssidene var mellom 70 og 80 cm, for det meste kompakt tre. Breidda på kvart spantepar, som var av italiensk eik som hadde tørka i 30 år, var 55,8 cm. Den om lag 5 cm breie opninga mellom spanta vart fylt med ei blanding av bek og sagflis, frå kjølen til godt over vasslinja. Dette for å hjelpe til å halde skipet tett om hudene skulle få skade. Av den grunne kjølen var det berre 7 cm som stakk nedom den tjukke huda. Garneringa på innsida av spanta var av 10–20 cm tjukk pitchpine. Innvendig var òg skuta svært sterkt bygd. Bjelkane til dei to dekka var av eik og pitchpine, i store dimensjonar. Mellom dekka og skutesida var det mange skråstøtter. Alt var samanbunde med solide rotkne og jarnfeste. Det nedre dekket var plassert i vasslinja, der ein rekna med at presset av isen ville verte størst. I bakre del, over maskinrommet, måtte dette dekket hevast. Det øvre dekket bak vart heva endå meir for å gi rom for innreiinga. Skuta fekk med dette ein popp, eller eit halvdekk.

Innreiing mini|Teikning av innreiinga i «Fram» Roma for mannskapet låg under halvdekket. Fellessalongen låg i midten. Han var om lag 20 m². Her vart måltida inntekne, og dette var opphaldsrommet. Kring salongen låg lugarane. På båe sider var det to einmannslugarar. Bakanfor salongen var to firmannslugarar. Lugarane låg slik for å verne opphaldsrommet mot kulde. Salongen vart òg svært godt isolert. Eit vasstett linoleumslag skulle hindre at den fuktige lufta i opphaldsrommet kom ut mot skutesida og gi problem med kondens og is. Skipssidene var dekt med tjøra filt, så eit mellomrom fylt med kork, eit granpanel, eit nytt filtlag, linoleum og eit lag til med granpanel. Taket var kring 40 cm tjukt, og var oppbygd av mange lag: Filt, granpanel, linoleum, reinhårsfyll, granpanel, linoleum, luft og granpanel. Det vart brukt reinhårsfyll berre i horisontale flater, der det ikkje så lett seig saman og laga kuldebruer. I golvet var tjukke korkfylte lag. Framom salongen låg byssa, der maten vart tillaga. Over byssa var bestikklugar, og ein liten arbeidslugar. Frå salongen var ein oppgang på kvar side av byssa. I kvar av oppgangane måtte ein gjennom fire små dører. Dei var laga av fleire lag tre med filt imellom. Dørstokkane var uvanleg høge. Alt dette var gjort for å minske varmetapet i opphaldsrommet. Frå rekka og ned til ishuda var skroget kvitmåla. Botnen var svart. Dekkshuset var raudt, så det skulle vere lett å få auge på i isen.

Ferdiggjering 26. oktober 1892, då skipet var døypt av Eva Nansen og sjøsett, fekk det namnet «Fram». Det vart liggande for vidare klargjering i Larvik. I slutten av november vart det slept til Kristiania for montering av master og rigg. I samråd med Sverdrup hadde Archer teikna ein rigg med tre master. Det vart rigga som ein slettoppa skonnert. I toppen av stormasta vart plassert ei utkikstønne. Ho var om lag 32 meter over vatnet. Det totale seglarealet var 602 m².Sannes Fram s. 273 I Kristiania vart òg dampmaskinen innsett. Det var ein trippel ekspansjonsmotor på 220 indikerte hk.Sannes. Fram s. 73 Maskinen var bygd og montert av Akers mekaniske Verksted, og konstruert av ingeniør Prosper Nørbech. Propellen hadde to blad og var montert i ein brønn, slik at han skulle kunne heisast opp når skipet vart fast i isen. Like eins kunne roret heisast opp når ein ynskte det.

Finansiering I den lange planleggingsperioden var finansiering av nordpolekspedisjonen eit viktig emne. Det var mange som meinte at dette skulle verte ein norsk ekspedisjon, både gjennom deltakarane og finansieringa. Den 30 .juni 1890 gav Stortinget lovnad om 200 000 kroner. I januar 1891 sette Thomas Fearnley, Axel Heiberg og Ellef Ringnes i gang innsamling for å finansiere resten av kostnadane. Det vart samla inn over 125 000 kroner. Kong Oscar II gav 20 000 kroner. 9. juni 1893 fekk Nansen ei ny løyving på 80 000 kroner frå Stortinget. Løyvingane frå Stortinget innebar at «Fram» vart staten sin eigedom. Nansen hadde tenkt at polarskipet ville koste kring 150 000 kroner. I sluttrekneskapen, ved avreisa, syner skipskontoen utgifter på 271 927,08 kroner. Heile rekneskapen balanserte på kroner 444 339,36. Då hadde Heiberg og Charles James Adolph Dick, godseigar på Fornebu,gitt 6 000 kroner kvar, og Nansen betalte over 8 000 kroner av eigne midlar.

Ferda Sjå og Mannskap på første «Fram»-ferda mini|Mannskapet på første Fram-ferda Nansen arbeidde heile tida med å finne tak i, og forbetre, proviant og anna utstyr. Mannskap vart hyra utover vinteren 1893. Det var fleire hundre som melde seg med interesse av å vere med. Det vart ført journal, og teikna kart, over alt som vart stuva ombord, og det vart lagt vekt på at mannskapet skulle ha oversikt over lasta.H. Johansen s. 2 Då «Fram» forlet Kristiania 24. juni 1893 var det tolv mann ombord som skulle vere med på ekspedisjonen. I Tromsø vart den trettande teken med på svært kort varsel.

I Larvik vart det teke ombord to større båtar, Dei var 8,8 m lange og 2,1 m breie. Desse var tenkt til å bu i om skipet skulle forlise. Til saman hadde «Fram» åtte båtar med, mellom dei ein med petroleumsmotor. I delar av reisa, når det var mange som skulle ha køyplass ombord i «Fram», vart storbåtane brukt til overnatting for mannskap, og andre. Dei gjekk under namna «Grand» og «Gravesen».H. Johansen s. 7 Ved Lindesnes fekk ein merke skipet sine dårlege eigenskapar i sjøen. Noko høg sjø gjorde at «Fram» slingra veldig, det vart problem med dekkslasten, og noko gjekk tapt.Nansen: Fram over Polhavet s 75

22. juli forlet «Fram» Vardø. Ferda gjekk austover. Først mot Novaja Semlja. I Khabarova ved Jugor-sundet vart det teke ombord 34 hundar. Så gjekk ferda vidare gjennom Karahavet, rundt Tajmyrhalvøya og inn i Laptevhavet. Vest for Nysibirøyane fann dei ope hav og kom om lag til 79º nord før «Fram» den 22. september 1893 fraus fast i isen. Dei var då på 133º 32' aust. Det vart gjort klart for å drive i isen. Roret vart oppteke, men propellen let dei stå for å forsterke akterenden. «Fram» var utrusta med dynamo og batteri for å gi elektrisk lys ombord. Dynamoen vart driven av dampmaskinen når han gjekk. I isen vart det tilrigga ei stor vindmølle ombord, som gav straum ved høveleg vind. På slutten vart ho for utsliten til å gjere nytte.

mini|Kart over første «Fram»-ferda Nansen var i byrjinga ofte i tvil om teorien som ekspedisjonen var grunna på, og om det gjekk rette vegen.Nansen: Fram over Polhavet s 225 Etter kvart viste hovudretninga mot nordvest, sjølv om det var mange avvik og tilbakegangar. 79º nordleg breidde vart nådd 29. september, 80º nordleg breidde 1. februar 1894 og 81º nordleg breidde 21. mai. Den 18. juni viste observasjonane at dei var på 81º 52'. Men så gjekk det sørover att, og først 21. oktober var dei på 82º. Ved juletider 1894 passerte dei 83º nordleg breidde. «Fram» var ofte utsett for isskruing. Nansen og Archer sin konstruksjon av skroget verka som dei hadde venta. «Fram» vart skrudd opp, og vart ikkje knust. Først i januar 1895 måtte mannskapet likevel gjere seg klar til å forlate skuta. Sterk skruing gjorde at isen tårna seg opp og var på veg innover sida på «Fram». Skruinga stoppa i tide, og det gjekk bra denne gongen òg.

I november 1894 bestemte Nansen seg for ei sledeferd mot nord. 14. mars 1895 starta han og Hjalmar Johansen med 28 hundar. Posisjonen til «Fram» var då 84º 4' nordleg breidde og 102º austleg lengde.Sannes. Fram s. 110 Nansen og Johansen snudde på 86º 14'. Dei overvintra på Frans Josefs land. I juni 1896 møtte dei Frederic Jackson, og vart med skipet hans, «Windward», til Noreg. Dei kom til Vardø 13. august.

Sverdrup overtek leiinga mini|Otto Sverdrup i lugaren.