Stonington Island er ei klipperik øy som ligg 1 nautisk mil nordaust for Neny Island i den austlege delen av Marguerite Bay, utanfor vestkysten av Graham Land i Antarktis. Stonington Island er 750 meter lang frå nordvest til søraust og 300 meter brei og via ei snøfonn knytt til Northeast Glacier på fastlandet. East Base, basen til U.S. Antarctic Service (USAS) sin ekspedisjon (1939–1941), vart bygd på Stonington Island og øya vart av dei kalla opp etter Stonington i Connecticut, heimehamna til sluppen «Hero» som kaptein Nathaniel Palmer nytta då han såg Antarktis i 1820.
Basen var òg British Antarctic Survey sin Base E under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, og var base for operasjonar for mange historiske landmålingsoppdrag på Den antarktiske halvøya i 1940-åra. Base E var i drift til februar 1975, og vart vaska og reparert i 1992.
Hytta er verna under Antarktistraktaten.
Klima
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar Edith Ronne Tragic Corner
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stonington Island» frå , den 22. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Fallières Coast