Indre Herøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1916 i Tjørvåg i Herøy kommune på Sunnmøre. Det året vart Indre Herøy sokn utskilt frå Herøy sokn. Den gamle kyrkja på Herøya vart riven. Dei to korte tverrarmane på tårnet gjev kyrkja ein vestfront og den minner også om krosskyrkje.
Indre Herøy kyrkje er i tre og har 375 sitjeplasser.
Kyrkja vart bygd på prestegarden sin grunn. I 1922 vart ho dekorert av Johan Haddal. Han laga rosemålingar med kristne symbol. Kyrkjeklokka frå 1890, og orgelet frå 1899, vart flytt frå den gamle kyrkja. Det vart og ei lysekrone frå 1690, ein messehakel frå 1763 og ein kneskammel.
Altertavla er måla av Even Ulving. Ramma er skoren og måla av Arne Kinsarvik. Ho er frå 1921.
Kjelder Øystein Ekroll og Per Eide:Sunnmørskyrkjene : historie, kunst og arkitektur
Bakgrunnsstoff
Herøy kyrkjelege fellesråd
Kategori:Kyrkjer i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Kyrkjer i Søre Sunnmøre prosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Kulturminne i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1916 Kategori:Ole Havnæs