mini|Forsvaret av Sampo. Illustrasjon til Kalevala av Akseli Gallen-Kallela mini|Mor til Lemminkainen samlar saman restane av sonen ved Tuonela- elva. Tuonela-svana til venstre. Illustrasjon til Kalevala av Akseli Gallen-Kallela. Kalevala er eit finsk episk dikt nedskrive av Elias Lönnrot i fyrste del av 1800-talet. Kalevala byggjer på finske segner. Det vert ofte kalla nasjonaleposet til Finland og er eit av dei viktigaste finske litterære verka. Kalevala vert sagt å ha inspirert den finske nasjonalismen som til sist førte til sjølvstendet frå Russland etter oktoberrevolusjonen i 1917. Namnet tyder «Kalevas land».

Verket vart omsett til norsk av Albert Lange Fliflet i 1967. I 2006 vart det utgjeve ein illustrert attforteljing ved Mikael Holmberg og ei omsett prosautgåve for born av Eli Margaretha Wärnhjelm.

Bakgrunnsstoff Kampen om Sampo. Historier fra Kalevala Kalevala i prosaform

Kategori:Bøker frå 1800-talet Kategori:Finsk litteratur Kategori:Fantastisk litteratur Kategori:Epos