Granekupa er eit stadnamnStadnamn i Mardal Krins, Søreide, Lars P. [red.], Mardal, Per K., Fitje, Audun, 2002 på garden Fitje i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Granekupa ligg nær grensa mellom gardane Mardal, Kandal, Fitje og Gjengedal.

Fiskevatn

Det ligg to vatn i Granekupa, Inste Granekupvatnet og Yste Granekupvatnet, det er sett ut fisk i båe. Dette skal ha blitt gjort så tidleg som på 1930-talet.Personleg intervju med Gunnar K Fitje, 1989

Bygginga av Granekuphytta

Sauehald var ein vanleg del av landbruket på garden Fitje. Om våren vart sauene jaga opp i fjella sør mot Hyen og Jølster og om hausten måtte dei sankast ned att i grenda. Det siste kunne vere tungt arbeid om det var dårleg ver eller djup snø.

Knut P. Fitje, Kåre Mardal og Olav Gimmestad freista i 1947-48 å gjere butikk på sauesanking og dei tre tok på seg å sanke for alle bruka på Fitje. Det vanlegaste utgangspunktet for sauesankinga på Fitje hadde fram til då vore Fitjestøylen, inst i Langedalen. Sauene gjekk likevel vidt ikring - og for å lettare nå lenger inn i fjellet bestemte karane seg for å setje opp ei lita hytte inne på Granekupa.Personleg intervju med Knut P. Fitje, 1995

Kjelder

Kategori:Gloppen kommune