thumb|«Norvegia» i Antarktis rundt 1930. «Vesleper» (1918–33) var ei ishavsskute kjend frå Norvegia-ekspedisjonane. Ho var som systerskipet «Veslekari» konstruert av Christian Jensen for Winge & Co. i Kristiania, og var i si den største ishavsskuta. Ho stod ferdig 27. februar 1919 ved Jacob M. Iversens verft i Son. Ein 290 hk Compound dampmaskin vart montert i Skien, kjenneteiknet var K 6 K, endra til O 6 O i 1925. Den 114,3 fot lange og 285 brt tunge skuta hadde kosta 1,3 millionar kroner, men låg i nedgangstidene mest i ro ved Blomvåg.

16. mai 1927 vart skuta seld for 25 000 kroner til Bryde & Dahls Hvalfangerselskap i Sandefjord og omdøypt til «Norvegia». Ho vart brukt i dei fire Norvegia-ekspedisjonane til Antarktis for å finne kval og annektere Bouvetøya.

16. juni 1931 vart skuta seld til Elling Aarseth reiarlag i Ålesund og omdøypt til «Kvitøy» (M 3 VD). Med Isak Remø bak roret vart ho nedskrudd i Vestisen 19. mars 1933, og dei 25 ombord vart redda av «Quest».

Mount Norvegia i Enderby Land er kalla opp etter båten.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «DS «Vesleper»» frå , den 11. desember 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske dampskip Kategori:Polarskuter Kategori:Skip frå 1918 Kategori:Forlis i 1933 Kategori:Forlis i Grønlandshavet Kategori:Antarktisk historie Kategori:Skip kalla opp etter Noreg