mini|Begna bru over Ådalselva (del av elva Begna) rett utanfor Hønefoss stasjon er ei 216 meter lang steinkvelvbru med ti kvelv som vart bygd for Bergensbanen på strekninga mellom Hønefoss og Roa, den noverande Roa-Hønefosslinja. Brua stod ferdig i 1909, og var i si tid den lengste steinbrua i Noreg. Roa-Hønefosslinja eller Roa-Hønefossbanen vart frå 6. januar 2008 namnet på den jernbanestrekninga mellom Hønefoss stasjon i Ringerike kommune og Roa stasjon i Lunner kommune som vart opna i 1909. Opphavleg var denne jarnbanelinja ein del av Bergensbanen, som soleis var knytt til Gjøvikbanen på Roa stasjon, slik at Bergenstoga kunne køyre på Gjøvikbanen inn og ut av Oslo. Men frå 1989 vart det til at persontoga på Bergensbanen ordinært skulle gå på Randsfjordbanen over Hokksund og Drammen mellom Hønefoss og Oslo i staden. Roa-Hønefossbanen er difor no hovudsakleg ein bane berre for godstoga mellom Oslo og Bergen, men gjer òg si nytte som ei reserveløysing for persontoga.
Linjekart
Bakgrunnsstoff Jernbaneverket.no – Standardheving for viktig godsbane (fra 20.05.2009) Roa-Hønefosslinjen i Norsk Jernbaneklubbs stasjonsdatabase
Kategori:Jarnbanestrekningar i Buskerud Kategori:Samferdsle i Ringerike Kategori:Samferdsle i Jevnaker Kategori:Samferdsle i Lunner Kategori:1909 i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1909 Kategori:Byggverk i Ringerike Kategori:Byggverk i Jevnaker Kategori:Byggverk i Lunner