Akademiet Drammen er ein privat vidaregåande skule i Drammen. Skulen starta opp i 2005 og har 300 elevar. Skulen er ein del av Akademiet, den største private skulekjeda i Noreg, med 14 vidaregåande skular i fleire ulike byar.

Akademiet Drammen scora frå 2011 til 2019 høgst på elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet, og vart i følgje denne undersøkinga den beste vidaregåande skulen i landet. I følgje tall frå Utdanningsdirektoratet får elevane ved skulen jamt over høge karakterar til standpunkt og eksamen. Skulen har høge søkjartal og difor særs høgt karaktersnitt for opptak.

Plassering Ved skipinga i 2005 heldt skulen til på Landfalløya. I 2008 flytta skulen til lokaler i Skogliveien 4, ved Sundland næringspark i Drammen, ca. 1,5 km frå Strømsø sentrum og Marienlyst Stadion. Det er her dei no held til.

Opplæringstilbod Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram og programområde: Program for media og kommunikasjon. Program for påbygging til generell studiekompetanse. Program for studiespesialisering. Privatistundervising.

Medier og kommunikasjon Dette utdanningsprogrammet gir studenten generell studiekompetanse, men er yrkesretta med tanke på seinare jobb innanfor avis, TV, radio, web, reklame eller grafisk design.

Vidaregåande trinn 1 består av programfaga mediedesign og medieuttrykk, mediekommunikasjon og medieproduksjon, i tillegg til fellesfaga engelsk, kroppsøving, matematikk og norsk. Vidaregåande trinn 2 består av dei same programfaga i tillegg til fellesfaga engelsk, kroppsøving, norsk og samfunnsfag. Vidaregåande trinn 3 består av det felles mediefaget medier og kommunikasjon og dei valfrie programfaga bilete, tekst eller lyd, i tillegg til fellesfaga historie, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk.

Påbygg til generell studiekompetanse Dette utdanningsprogrammet skal gi studentar generell studiekompetanse etter fyrst å ha hatt yrkesfagleg utdanning på Vidaregåande trinn 2. Faga er historie, kroppsøving, naturfag, norsk og matematikk, i tillegg til eitt programfag.

Studiespesialisering Dette utdanningsprogrammet skal førebu elevane for vidare studier ved universitet og høgskular. Med bestått vitnemål oppnår ein generell studiekompetanse.

I Vidaregåande trinn 1 er utdanningsprogrammet likt ved alle skular (bortsett frå fellesfaga framandspråk og matematikk), og inneheld faga engelsk, framandspråk, geografi, kroppsøving, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag. Akademiet Drammen tilbyr framandspråka engelsk, fransk, tysk og spansk. Vidaregåande trinn 2 og 3 består av både fellesfag og programfag. På begge trinna vel ein 3 programfag der minst 2 må vere innanfor eit valt programområde: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Fellesfaga på det andre trinnet er framandspråk, historie, kroppsøving, matematikk og norsk, og på det tredje trinnet historie, kroppsøving, norsk og religion.

Privatistundervising Akademiet Privatistskole starta opp hausten 2008 og tilbyr undervising for privatistar. Undervisinga er på både dagtid og kveldstid, og er skilt frå øvrige opplæringstilbod. Akademiet tilbyr faga biologi, fysikk, engelsk, historie, kjemi, kroppsøving, matematikk, medie- og informasjonskunnskap, naturfag, norsk og samfunnsfag.

Bilete

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vidaregåande skular i Buskerud Kategori:Utdanning i Buskerud Kategori:Drammen kommune Kategori:Skipingar i 2005