Eldar Rønning () er ein norsk langrennsløpar som representerer Skogn idrettslag i Levanger. Han vann VM-sølv på 15 km i 2011 og VM-bronse i sprintøvinga i 2007, dessutan vart han verdsmeister i stafett for Noreg både i 2007, 2009 og 2011. Rønning vart noregsmeister på 15 km i 2011. I tida 2005 til 2012 har han vunne sju renn i verdscupen i langrenn.
Karriere Rønning slo gjennom i 2005, då han kom på pallen i tre verdscuprenn i sprint, mellom desse ein siger i Reit im Winkl. Samanlagd vart han nummer to i kampen om sprintpokalen i verdscupen, berre slått av landsmannen Tor Arne Hetland. Han representerte Noreg i sprintøvinga under VM i Oberstdorf, der han enda på ellevteplassen.
Han innleia 2006/07-sesongen med siger i opningsrennet i verdscupen, sprintrennet i Düsseldorf. Dagen etter og på same staden kom Rønning på andreplass i sprintstafetten, saman med Øystein Pettersen. I november 2006 vann han sitt fyrste eigentlege langrenn i verdscupen; 15 km i klassisk stil i finske Kuusamo. Under verdsmeisterskapen i Sapporo i 2007 spurta Rønning inn til bronsemedalje på sprinten, og gjekk opningsetappen for det norske gullaget på 4x10 km stafett. Samanlagt kom han på tredjeplassen i verdscupen i 2007-sesongen. I 2008-sesongen vann Rønning ein verdscupsiger; sprinttevlinga i Otepää. Han kom på sjuandeplass i verdscupen i sprint og på 13. plass totalt i verdscupen.
Rønning forlet det norske sprintlandslaget ved sesongslutt våren 2008. Han satsa i staden på reint langrenn. I Ski-VM 2009 i tsjekkiske Liberec opna han for det norske stafettlaget på 4x10 km, og saman med Odd-Bjørn Hjelmeset, Tore Ruud Hofstad og Petter Northug forsvara han VM-tittelen for Noreg, som vann føre Tyskland.
I 2011 gjekk Rønning inn til sin fyrste verdscupsiger på tre år då han vann 15 km i klassisk stil i Otepää. Under noregsmeisterskapen på ski i 2011 vart Rønning noregsmeister då han vann 15 km framom Martin Sundby og Thomas Alsgaard. I verdsmeisterskapen på ski i Holmenkollen tok Rønning sølvmedaljen på 15 km. Han var i mål 13,3 sekund etter den finske gullvinnaren Matti Heikkinen. Rønning tok så gull på stafetten etter å ha gått ein sterk andreetappe, der han tok inn 22 sekund på Sveriges løpar på etappen, Johan Olsson.
Rønning spurta i mars 2012 inn til siger på femmila i Holmenkollen.
Verdscupsigrar Nr. Dato Stad Øving 1. Reit im Winkl Sprint 2. Düsseldorf Sprint 3. Kuusamo 15 km klassisk 4. Cogne 15 km klassisk 5. Otepää Sprint 6. Otepää 15 km klassisk 7. Oslo 50 km klassisk
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2004: Nr 11 på 15 km i Bardufoss Ski-NM 2005: Nr 6 på 30 km på Lillehammer Ski-NM 2006: Nr 7 på 15 km på Kongsberg Ski-NM 2007: Bronsemedalje på 50 km i Nybygda Ski-NM 2008: Bronsemedalje på femmila/56 km, Støren/Selbu Ski-NM 2009: Bronsemedalje på 15 km på Gjøvik Ski-NM 2010: Nr 4 i sprint og nr 5 på 30 km Ski-NM 2011: Gull på 15 km og sølv på 30 km i Steinkjer Ski-NM 2012: Sølvmedalje på 50 km i Fauske Ski-NM 2013: Nr 5 på 30 km på Vang Ski-NM 2014: Nr 7 på 50 km på Gålå Ski-NM 2015: Nr 8 på 50 km i Harstad
Bakgrunnsstoff
Eldar Rønning i olympedia.org
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske motbakkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Folk frå Levanger