Fenylbutazon Kjemisk formel:C19H20N2O2 Fysiske eigenskapar Tettleik- Molvekt308,38 g/mol Smeltepunkt:-105 ° C Kokepunkt:- Identitetsnummer CAS-nummer:50-33-9 -
Fenylbutazon er eit pyrazolon-derivat som blir brukt som verkestoff i medisin. Fenylbutazon vart i 1951 patentert av Geigy (no Novartis).
Bruk
Humanmedisin Fenylbutazon blir i dag brukt berre for korte periodar, når andre ikkje-stereodiale antireumatika ikkje verkar. Stoffet blir brukt mot akutte smertar ved reumatisk sjukdom.
Veterinærmedisin
Fenylbutazon blir brukt som verkestoff i både oral, intramuskulær og intravenøs medisin for både smådyr og store dyr. I EU er fenylbutazon forbode for dyr som blir brukt i næringsmiddelindustrien. Fenylbutazon blir ofte brukt til hestar, både som medisin og som dopingmiddel.
Biverknader
Fenylbutazon har alvorlege biverknader, som magesår, øydelagde nyrer og indre blødingar.
Litteratur D.E. Gunson u.a., Renal papillary necrosis in horses after phenylbutazone and water deprivation in:Vet Pathol 20/1983, S. 603–610. M.E. Hough u.a., Ulceration and stricture of the right dorsal colon after phenylbutazone administration in four horses in:Aust Vet J 77/1999, S. 785–788. C.G. MacAllister, Effects of toxic doses of phenylbutazon in ponys in:Am J Vet. Res, 44/1983, S. 2277–2279. D.C. Plumb, Veterinary Drug Handbook. PharmaVet Publishing, White Bear Lake, 1991, S. 40–43. D.H. Snow u.a. Phenylbutazone toxicosis in equidae: a biochemical and pathophysiological study in: Am J Vet Res 42/1981, S. 1754–1759. J.L. Traub u.a. Phenylbutazone toxicosis in the foal, in:Am J Vet Res 44/1983, S. 1410–1418.
Kjelder Artikkelen er omsett frå tysk wikipedia.
Kategori:Ikkje-steroide antiinflammatoriske middel Kategori:Pyrazolidindion Kategori:Karsinogen i IARC-gruppe 3