Jens Ingebret Evensen () var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, diplomat, jurist, høgsterettsadvokat og domar innan folkerett ved folkerettsdomstolen i Haag.
Karriere
I den fyrste tida med petroleumsverksemd i Noreg var han sentral i utarbeiding av reglar for verksemd på norsk kontinentalsokkel. Evensen forhandla fram Noreg si handelsavtale med EF i 1972.
Jens Evensen var deretter statsråd i Trygve Bratteli si andre regjering og Odvar Nordli si regjering.
Han var først sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet, 16. oktober 1973-27. september 1974. Han vart deretter statsråd for Havrett og fiskerigrenser, 27. september 1974-15. januar 1976 i Trygve Bratteli si andre regjering, og heldt deretter fram i same verv i Odvar Nordli si regjering fram til 1. januar 1979.
«Gråsone»-avtala», mellom Noreg og Sovjetunionen om eit område i Barentshavet, var òg mykje hans verk.
"En av Evensens nærmeste og viktigste støttespillere i politikken var Arne Treholt", skreiv media.https://www.dagsavisen.no/oslo/statsrad-jens-evensen-pa-sokkel-1.1131287 Han var "statssekretær for ... Evensen da han ble havrettsminister fra 1976 til 1978", skreiv Store Norske Leksikon.https://snl.no/Arne_Treholt Treholt vart "i 1985 ... dømt for spionasje til fordel for Sovjetunionen og Irak. Treholt-saken forble en åpent sår i Evensens liv, og de to ble aldri forsonet", skreiv Dagsavisen.https://www.dagsavisen.no/oslo/statsrad-jens-evensen-pa-sokkel-1.1131287
Utmerkingar
Evensen vart utnemnd til kommandør av Krossen av St. Olavs Orden. I 1982 vart Evensen tildelt Peer Gynt-prisen
Litteratur Berit Ruud Retzer: Jens Evensen : makten, myten og mennesket : en uautorisert biografi, Oslo 1999. ISBN 82-995068-0-8, http://www.berit1.com
Kjelder
Jens Evensen hos Stortinget.no, vitja 18. april 2010
Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bratteli II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Nordli Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske juristar Kategori:Norske ambassadørar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk tilknytte SN Kategori:Politikarar frå Oslo