«L'enfer et moi» (fransk for Helvete og meg) var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på fransk av Amandine Bourgeois. Songen er skriven av David Salkin og Boris Bergman.

France Télévisions valde ut «L'enfer et moi» Amandine Bourgeois til å representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2013. 14. mars presenterte Bourgeois songen på fjernsynsprogrammet C à vous på France 5. Bidraget vart òg framført på fjernsynsprogrammet Chabada på France 3 24. mars 2013. Sidan Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen slepp Frankrike å kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Frankrike vil delta i finalen 18. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2 Songen vil få eit startnummer frå éin til 26, men ikkje 16.

Kjelder

Fotnotar

Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Franske songar Kategori:Franskspråklege songar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar