Inger Bjørnbakken () var ein norsk skirennar frå Bærum som representerte Bærums skiklub. Ho vart i 1958 verdsmeister i slalåm i Bad Gastein i Austerrike. Åra 1956-59 vann ho åtte norske meisterskap i fire ulike øvingar.

Aktiv Bjørnbakken vart nummer fem i storslalåmtevlinga i sin NM-debut i Drammen vinteren 1953. To år seinare vann ho si fyrste NM-medalje då ho tok sølvmedaljen under noregsmeisterskapen på Voss. I 1956 sigra ho i slalåmøvinga under NM i alpint på Norefjell, og fekk i tillegg ein bronse i storslalåm. Dei tre neste sesongane sikra ho seg ytterlegare sju norske meistertitlar i alpinløypene.

Bjørnbakken deltok for Noreg under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, der ho kom på sjetteplassen i slalåmrennet og vart nummer 14 i storslalåm. To år seinare vann ho slalåmrennet under verdsmeisterskapen i Bad Gastein. Med sluttida 105,6 sekundar var ho 1,4 sekund føre Josefa Frandl frå Austerrike og 1,8 sekund framom Annemarie Waser frå Sveits, dei to andre medaljevinnarane. Astrid Sandvik fylgde opp den sterke norske innstasen med å hamne på fjerdeplassen i øvinga. Bjørnbakken vart elles nummer ti i storslalåm i meisterskapen. Ved sesongslutt mottok ho Morgenbladets gullmedalje og Sportsjournalistenes statuett for VM-gullet; inga kvinne hadde fått korkje utmerkingane tidlegare. I sin siste sesong reiste ho til dei olympiske leikane 1960 i Squaw Valley. Ho vart der nummer 14 i slalåm og 20 storslalåm.

Bjørnbakken vann sju renn i Holmenkollen Kandahar i perioden 1955 til 1958, fire av dei slalåm. Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1958, saman med Håkon Brusveen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1953: Nr 5 i storslalåm 1954: Nr 4 i slalåm 1955: Sølv i slalåm, bronse i storslalåm 1956: Gull i slalåm, bronse i storslalåm 1957: Gull i slalåm, bronse i storslalåm 1958: Gull i storslalåm, utfor og kombinasjonen, bronse i slalåm 1959: Gull i slalåm, storslalåm og kombinasjonen, sølv i utfor

Bjørnbakken omkom då heimen hennar på Skui i Bærum brann ned.

Kjelder Sportsrevy, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960 Kategori:Folk frå Bærum