Melrose er det 39. albumet og det 20. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Albumet kom ut i 1990 på Private Music, som vart starta av det tidlegare Tangerine Dream-medlemmet, Peter Baumann. Albumet består av mykje av den same instrumentale popstilen som ein hadde høyrt på dei to førre platene på Private Music, Optical Race og Lily on the Beach. Sonen til Edgar Froese, Jerome, er med på plata for første gong som fulltidsmedlem i Tangerine Dream. Dette var det siste albumet til Paul Haslinger med Tangerine Dream.

Heile albumet vart spelt inn på ny i 2002 som ein del av plateboksen The Melrose Years, i lag med nyinnspelingar av Optical Race (1988) og Lily on the Beach (1989). I motsetnad til desse to andre platene, har ikkje nyinnspelinga av Melrose kome ut på sjølvstendig album. Ei utgåve som kom i mars 2009 er i følgje plateomslaget denne nyinnspelinga, men innhaldet på plata er originalutgåva frå 1990.

Innhald

Medverkande Tangerine Dream Edgar Froese– klaverinstrument, sologitar, rytmegitar Paul Haslinger– klaverinstrument Jerome Froese– klaverinstrument, sologitar Gjestemusikar Hubert Waldner – saksofon på «Melrose» Teknisk Jim Rakete – fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Melrose (album)» frå , den 10. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1990 Kategori:Tangerine Dream-album Kategori:Private Music-album