Mount Rosenwald er eit fjell på 3450 moh. og eit særeige landemerke mellom toppen av Gallup- og Baldwinbreen i Dronning Maudfjella i Antarktis.

Fjellet er heilt dekt av snø på sørvestsida, men har ein nesten loddrett fjellvegg på nordaustsida. Det vart oppdaga og fotografert av admiral Byrd på flyturen hans til Sørpolen i november 1929. Det vart namngjeve av Byrd etter Julius Rosenwald frå Chicago, som støtta Byrd-ekspedisjonane i 1928-30 og 1933-35.

Kjelder

Kategori:Dronning Maudfjella Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar