University of Nevada, Reno (òg kalla University of Nevada, UNR eller berre Nevada) er eit utdannings- og forskingsuniversitet skipa i 1874 i Reno i Nevada i USA. It is the land grant institution for the state of Nevada.

På universitetsområdet ligg dei store laboratoriet til College of Engineering, som har gjort forskarar frå Nevada til dei fremste i landet innan ingeniørvitskap, og testing og modellering av korleis store bygg kan stå imot jordskjelv. Nevada Terawatt Facility, ligg i utkanten av universitetsområdet og har ein Z-pinch-maskin og høgintensitets laser i terawatt-klassen. University of Nevada School of Medicine har område både i Las Vegas og Reno, og eit helsenettverk som strekkjer seg over det meste av landsbygda i Nevada. Her ligg òg Donald W. Reynolds School of Journalism, der seks Pulitzerprisvinnarar har gått.

University of Nevada, Reno er rangert på 181. plass av dei nasjonale universiteta i USA. Internasjonalt er det rangert blant dei 500 beste universiteta i verda.

Det er gjeve utdanning opp til doktorgradsnivå

College College of Agriculture, Biotechnology, and Natural Resources College of Business Administration College of Education College of Engineering College of Human and Community Sciences College of Liberal Arts College of Science University of Nevada Cooperative Extension National Judicial CollegeSkular Donald W. Reynolds School of Journalism Graduate School Mackay School of Earth Sciences and Engineering Orvis School of Nursing Nevada School of the Arts School of Medicine School of Community Health Sciences School of Social Work School of Social Research and Justice Studies

Kjelder Denne artikkelen bygger på «University of Nevada, Reno» frå , den 18. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Universitet i Nevada Kategori:Byggverk i Reno Kategori:Skipingar i 1874 Kategori:1874 i USA