Anne Nymark Andersen () er ein norsk, tidlegare fotballspelar. Ho vart europameister med Noreg i 1993 og verdsmeister i 1995. Dessutan vart ho cupmeister med IL Sandviken i 1995. Anne Nymark Andersen er tvillingsøster til Nina Nymark Andersen, ei tid spela dei to i lag både på Sandviken og på landslaget.
Aktiv Klubbspel Andersen spela sin første kamp i den norske toppserien med Bergens-laget Sandviken i 1991, og skåra sitt første mål heime mot Klepp Idrettslag på straffe. Ho var med på oppturen med Sandviken då klubben i 1995 kom på tredjeplass i serien og vann cupmeisterskapen, året etter vart det sølvmedaljar i seriespelet. Ho skåra i samtlege sesongar for klubben, med unnatak for den siste, 1998-sesongen.
Sesongane 1999-2000 spela ho for Arna-klubben Bjørnar, klubben ho hadde spela for som junior. Bjørnar spela frå 1997-sesongen i den norske toppserien, og var med i medaljekampen i 2000, men enda på fjerdeplassen i serien. Andersen la deretter fotbalsskoa på hylla.
Landslagsspel Andersen debuterte på landslaget 17 år gammal, som innbytar, den 13. juni 1990 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Finland. Sidan spela ho ikkje på landslaget att før enn i 1992. Under EM 1993 vart Andersen matchvinnar då ho skåra det einaste målet i semifinalen mot Danmark, og var på bana då Noreg slo Italia og vart europameister. Midtbanespelaren Andersen vart etter kvart fast på landslaget, og spela alle kampane då Noreg vart verdsmeister i 1995. Ho vann også bronse med landslaget under sommar-OL 1996. I 1999 spela ho sin 65. og siste landskamp, ni goongar fekk ho nettkjeninng som landslagsspelar.
Merittar EM-gull 1993 for Noreg VM-gull 1995 for Noreg OL-bronse 1996 for Noreg
Cupgull 1995 med IL Sandviken Seriesølv 1996 med IL Sandviken Seriebronse 1995 med IL Sandviken
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Anne Nymark Andersen» frå , den 20. april 2013.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Idrettsutøvarar frå Bergen