Detlef Michel () er ein tysk, tidlegare friidrettsutøvar frå Berlin, som tevla i spydkast for DDR og Berlin SC. Han vart verdsmeister i øvinga i 1983, og tok to EM-medaljar; ein sølvmedaljen i 1986 og ein bronsemedalje i 1982. Michel er 184 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på kring 93 kg.

Aktiv Michel vart austtysk meister i spydkast sju gongar: 1975, 1979, 1980, 1982, 1983, 1986 og 1987. Han deltok i friidretts-VM 1978 og vart nummer fire. To år seinare mislukkast han å kvalifisere seg til spydkastfinalen under OL i Moskva. Under europameisterskapen i 1982 vann han si fyrste EM-medalje, sjølv fekk han bronse då landsmannen Uwe Hohn vart europameister. Året etter vart Michel verdsmeister i Helsingfors, med eit kast på 89,48 meter var han nærare fire meter føre dei andre medaljevinnarane.

Grunna boikott deltok ikkje Aust-Tyskland i sommar-OL 1984, derimot tok Michel sølvmedaljen under EM i friidrett 1986. Han deltok i sommar-OL 1988, men kom ikkje til finalen. Michel la opp som spydkastar i 1990.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Nr 4 – 85,46 m EM 1982 i Aten: Bronsemedalje – 89,32 m, bakom Uwe Hohn (91,34 m) og Heino Puuste (89,56 m) VM 1983 i Helsingfors: Gullmedalje – 89,48 m, framom Tom Petranoff (85,60 m) og Dainis Kūla (85,58 m) EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje – 81,90 m, bakom Klaus Tafelmeier (84,76 m)

Kjelder World Athletics

Kategori:Tyske spydkastarar Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988