Arnt Jacobsen Mørland () var ein norsk skipsreiar og stortingsrepresentant frå Arendal.
Bakgrunn Mørland vart fødd i Arendal av foreldra Sofie Jacobsen (1855–1945) og Jens Halvorsen Mørland (1853–1936). Han gifta seg 16. juli 1913 med Constance Thomsen (1889–1977). Begge vart gravlagde på Arendal kyrkjegard. Saman fekk dei fem barn, tre jenter og to gutar. Den eine jenta døydde rett før ho fylte fire år.
Skipsreiaren Mørland starta først opp med reiarlaget «Agdesidens Rederi», etablert 23. september 1916 saman med John Wilson. I 1927 starta han «Mørland Shipping Company», og i 1930 starta han «Mørland Tankrederi». Etterkvart sat han med kontrollen over alle tre selskapa. Mørland hadde store tap under andre verdskrig, berre eitt skip var att då krigen var over. Han vart arrestert av tyskarane 24. februar 1944 og ført til Arkivet i Kristiansand for avhør og deretter overført til Grini fangeleir. Han ble lauslaten 8. mai 1945. Selskapet «Arnt J. Mørland» har i dag (2013) kontor på Langbryggen i Arendal.
Samfunnsstøtta I tillegg til å vere skipsreiar var Mørland aktiv i det lokale samfunnslivet i Arendal. Han donerte mellom anna pengar til ombygging av kyrkjeorgelet i Treeiningskyrkja i Arendal, som stod ferdig i 1957, og stod bak etableringa av Arendal Sjømannsskole (i dag Strømsbu videregående skole) som stod ferdig i 1954. Han var òg med på å donere pengar til tre glasmåleri i sjømannskirka i Rotterdam.
Han var aktivt med i Oxfordrørsla.
Politikaren Mørland sat som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder frå 1953 til han døydde i 1957.
Utmerkingar Arnt J. Mørland blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og var riddar av 1. klasse av den svenske Vasaordenen.
Litteratur Birger Dannevig: Arnt J. Mørland 1916-1966, 1966
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arnt J. Mørland» frå , den 18. mai 2013.
Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:St. Olavs Orden