Follo Fotballklubb (stifta 29. september 2000) er ein norsk fotballklubb frå Ski. Klubben er ei samanslåing av spelarar frå seks lokale klubbar: Ås, Ski, Oppegård, Langhus, Nordby og Vestby.

Follo FK spelar heimekampane sine på Ski stadion. Klubben spelar i lyseblå drakter på heimebane, medan bortedraktene er rosa. Follo FK brukte rosa første gong då laget slo ut Rosenborg i semifinalen i cupen i 2010. Opphavet var ein kampanje for kampen mot brystkreft. Follo spelar i 3. divisjon avdeling 2 (2020). Hans Erik Eriksen er ansvarleg trenar i klubben og Hugo Pereira er assistent.

Den største prestasjon til Follo til no er å nå cupfinalen 2010 ved å slå ut Rosenborg i semifinalen. I finalen tapte dei mot Strømsgodset.

Historie Follo FK starta i 3. divisjon for 2001-sesongen, og rykte direkte opp i 2. divisjon, etter å ha slått i kvalifiseringa. Då var Hans Knutsen og Aksel Bergo trenarar i klubben. I 2002 leia dei det nyopprykka laget til ein respektabel tredjeplass. I 2003 satsa klubben på to tidlegare fotballspelarar som trenarar og Erland Johnsen og Sindre Rekdal tok over roret.

Føre 2004 sesongen kom Aksel Bergo tilbake til klubben og Follo FK rykte opp til Adeccoligaen. Der overlevde dei debutsesongen med klar margin, men rykte i 2006 ned til 2. divisjon igjen. 2009-sesongen vart klubbens tredje på rad på det tredje høgaste nivået i Noreg. Stallen var yngre enn nokon gong, og det enda med eit noko overraskande, men fortent opprykk til Adeccoligaen med heile 14 poeng føre Hødd, Kristiansund og andrelaget til Rosenborg. I 2010-sesongen spelte laget seg fram til cupfinalen, der dei tapte 0-2 mot Strømsgodset, og kom på 12. plass i 1. divisjon. Trass i at dei rent sportsleg klarte å unngå å rykke ned, vart laget likevel tvangsnedflytta då dei ikkje hadde søkt om lisens for vidare spel i 1. divisjon.Follo-leder: - Dette er tilnærmet katastrofe - VG, 6/11-2010

2011-sesongen starta med ei økonomisk opprydding, og klubben gjekk over til amatørkontraktar. 18 spelarar forlet klubben. Det var derfor ein god presentasjon då eit særs ungt Follo FK-lag likevel heldt plassen etter uavgjort mot Ålesund 2 i siste heimekamp. I 2012 var økonomien styrkt og nøkterne, profesjonelle kontraktar vart gjeninnført. Ungdommane var eitt år eldre og med litt forsterkingar gjekk pila berre ein veg, og Follo FK rykte på nytt opp som serievinnar av 2. divisjon.

2012-sesongen vart òg hugsa for kampfiksingssaka. Follo FK slo alarm etter mistankar om at tre spelarar på Follo FK og to i Asker var innblanda i kampfiksing. Saka synest å ha internasjonale forgreiningar og vert enno etterforska.

I 2012 starta Follo FK eit eige fotballakademi. Oppslutninga var stor. Akademiet vert leia av Hugo Pereira, tidlegare leiar av Manchester Uniteds fotballakademi i Lisboa. Klubben rekrutterte fleire erfarne trenarar til akademiet og til dei aldersbestemte laga i klubben: Rui Barrosso (Sporting Lisboa), Jorge Cordeiro (ex-Benfica) og Tom Dent (ex-Fulham).

Serie og cup plassering: 2001: 1. plass 3.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av 2002: 3. plass 2.div Menn avd 1 – 1. runde NM. Slått ut av 2003: 11. Plass 2.div Menn avd 1 – 1. runde NM. Slått ut av 2004: 1. plass 2.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av 2005: 11. plass Adeccoligaen – 2. runde NM. Slått ut av 2006: 15. plass Adeccoligaen – Kvartfinale NM. Slått ut av 2007: 5. plass 2 div Menn avd 4 – 2. runde NM. Slått ut av 2008: 6. plass 2.div Menn avd 1 – 2. runde NM. Slått ut av 2009: 1. plass 2.div Menn avd 2 – 2. runde NM. Slått ut av 2010: 12. plass Adeccoligaen – Sølv i NM. Slått av Strømsgodset i cupfinalen 2011: 10. plass 2.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av 2012 1.plass 2. div menn avd 4 - 1. runde NM. Slått ut av .

Kjende spelarar Bonaventure Maruti Christian Petersen Edvard Skagestad Alexander Ruud Tveter Alexander Rosen Glenn Arne Hansen Lars Granaas Kjell Roar Kaasa Benjamin Dahl Hagen Anders Lübeck Martin Andresen Eirik Markegård Jorge da Silva Cordeiro Jens Skogmo

Toppscorarar År Namn Mål 2001 Espen Torgersen 17 2002 Kjell Roar Kaasa 15 2003 Kjell Roar Kaasa 12 2004 Oddmund Jacobsen Vaagsholm 19 2005 Andreas Strand 13 2006 Johan Nås 16 2007 Christian Petersen 10 2008 Bonaventure Maruti 16 2009 Bonaventure Maruti 17 2010 Eirik Markegård 13 2011 Fitim Azemi 12 2012 Eirik Markegård 19

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Follo Fotball» frå , den 22. mai 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fotballag i Akershus Kategori:Fotballag skipa i 2000 Kategori:Idrett i Nordre Follo Kategori:Follo Kategori:2000 i Noreg