Necmettin Erbakan () var ein tyrkisk ingeniør, akademikar og politikar som i ein kort periode òg var statsministar i Tyrkia.

Erbakan danna sitt første politiske parti i 1970, dette blei forbode etter berre eit år. Han danna etter dette eit nytt parti men i kjølvatnet av militærkuppet i 1980 vart Erbakan og partiet hans utestengd frå den tyrkiske politikken. Han kom att etter en folkerøysting om å oppheve forbodet mot politisk verksemd, og i 1987 vart han leiar for det politiske partiet Refah Partisi. Han leia partiet til ein overraskende siger ved valet i 1995.

Erbakan vart Tyrkias første islamistiske statsminister og vart innsett i 1996. I 1997 vart han pressa ut av dei militære og tvinga til å gå av som statsminister. Seinare vart han utestengt frå all politisk verksemd av den konstitusjonelle domstolen. I 2000 ble han dømd til eit års fengsel for å ha «framprovosert religiøst hat» gjennom ein tale han heldt i 1994.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Who is Erbakan? omtale på gencsaadet.com

Kategori:Tyrkiske statsministrar