Folque er debutalbumet til den norske folkemusikkgruppa Folque, utgjeve i 1974. Albumet vart spelt inn i Rosenborg Studios frå 21. til 24. oktober.Plateomslaget til CD-utgåva Albumet er produsert av Øystein Sunde. Gruppa spelte først inn ein demo i kjellaren til Øystein Sunde, deretter tok Sunde tapen med seg til Phonogram, og plata vart gjeve ut same året.http://www.folque.net/

Debutalbumet til Folque viser overgangen frå visegruppe til folkrockband. Sjølv om det var el-gitar på eit par spor (Jørn Jensen og Øystein Sunde), og gruppa fekk hjelp i studio av trommeslagar Thor Andreassen, var det framleis eit stykke fram. Nokre av låtane er henta frå Steeleye Span og Pentangle, men gruppa var på veg mot eit eige repertoar bygd på norske balladar og felelåtar. Alle låtane var tradisjonelle folkeviser som var arrangerte av bandet.

«Reinlender» med Trond Villa som solist og med Trond Øverland sitt bassriff vart ein av dei mest kjende låtane til gruppa og var på repertoaret gjennom hele levetida til Folque.

Albumet vart nymastra gjeve ut på ny på Pan Records i 1993.

Innhald

Medverkande Lisa Helljesen – Song Trond Villa – Fele, hardingfele, bratsj, elektrisk gitar (Jan) Eilif Amundsen – Banjo, gitar, dulcimer, mandolin Jørn Jensen – Song, gitar, dulcimer Morten Bing – Mandolin, gitar, bouzouki, banjo Trond Øverland – Bassgitar, fløyter, piano

Studiomusikarar Thor Andreassen - Trommer Øystein Sunde - Elektrisk gitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Folque (album)» frå , den 22. juni 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folque-album Kategori:Debutalbum frå 1974 Kategori:Pan Records-album Kategori:Philips Records-album Kategori:Musikkalbum produsert av Øystein Sunde