Nordre Nordmøre Billag (NNB) var eit billag med hovudkontor og verkstad på Aure på Nordmøre. NNB vart stifta på slutten av 1950-talet og gjekk i 1987 saman med Kristiansund-Frei Billag og Smøla Billag til Nordmøre Trafikkselskap (NTS). NNB dreiv både person- og godstransport. Dei hadde fleire busstypar: rutebussar, skåpbilar og kombinertbussar. Forutan fleire personruter lokalt i Aure køyrde dei faste ruter til Kristiansund. Ei anna oppgåve var transport av skuleborn.
Kategori:Samferdsle i Møre og Romsdal Kategori:Tidlegare norske busselskap Kategori:Samferdsle i Aure