mini|Victor Sparres monumentale glasmåleri på sørveggen kallast «Livets tre» og syner ein dominerande Kristus-figur. Arbeidet er frå 1975 og vert rekna mellom hovudverka til kunstnaren.

Jeløy kyrkje i Moss kommune vart vigsla den 27. april 1975. Det er ei arbeidskyrkje der sjølve kyrkja er naustforma. Kyrkjesalen kan koplast saman med forsamlingsrommet for kyrkjelyden. Til saman har kyrkja 615 sitjeplassar.Rasmussen (1993), s. 668

Altartavla er eit glasmåleri av Victor Sparre som dekker heile fondveggen og illustrerer livsens tre og Jesu lidingsveg. Eit sidealtar er laga av Tor Lindrupsen. Orgelet vart bygd av Brødrene Torkildsen (1977, utvida 1982).

Det har vore akustikkproblem og lekkasjeproblem ved kyrkja, og ho har vorte påtent tre gonger.

Kyrkjegarden for Jeløy er ved Jeløy kapell, om lag halvannan kilometer lenger nord.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Moss Kategori:Kulturminne i Moss Kategori:Kyrkjer i Vestre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1975 Kategori:Arbeidskyrkjer