mini|Skjold var før ein gard i Birkeland sokn, som gav namn åt Skjold skipreide. No er det eit bustadfelt i Bergen som frå 1998 har eiga soknekyrkje. Skjold skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,Arkivverket som femna om store delar av noverande Bergen kommune.

Geografisk område etter gammal inndeling: del av Bergen landdistrikt (Domkirken landsokn) Årstad sokn Birkeland sokn Fana sokn (unnateke gardane Krokeide, Rød, Salbu, Nordvik, Sagstad, Sele, Kismul, Fortunet og Bahus) del av Askøy sokn (området sør for Byfjorden del av Haus sokn (gardane sør for Mjeldheim/Indre Arna/Arnatveit)

Geografisk område etter noverande inndeling: del av Bergen kommune del av Bergenhus bydel (Møhlenpris, Nygård, Lungegården, Kalfaret, Starefossen og sørover) Årstad bydel Laksevåg bydel Fyllingsdalen bydel Ytrebygda bydel Fana bydel (unnateke gardane Krokeide, Rød, Salbu, Nordvik, Sagstad, Sele, Kismul, Fortunet og Bahus) del av Arna bydel (området sør for Mjeldheim/Indre Arna/Arnatveit)

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1853 vart Skjold tinglag oppløyst, områda vart overførte til dei nye tinglaga Årstad, Haus og Fana,Arkivverket

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Hordaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Bergen kommune Kategori:Skipreider