mini|Eivindvik er sentralstad i noverande Gulen kommune. Gulen skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,Arkivverket som femna om område på begge sider av den noverande fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.
Geografisk område: Eivindvik sokn (unnateke gardane nord for Kleivvika og Bjørndalen), no ein del av Gulen kommune. Sandnes sokn, tilsvarande noverande Masfjorden kommune (unnateke gardane sør for Merkesdalen).
1773 vart Sandnes sokn overført til Lindås skipreide, og samstundes vart gjenverande del av Gulen skipreide overført til Ytre Sogn domssokn i Nordre Bergenhus amt. På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1858 vart Gulen tinglag omskipa slik att det samsvarte med dåverande Eivindvik sokn og kommune.Arkivverket
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Hordaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Gulen kommune Kategori:Masfjorden kommune Kategori:Skipreider