Stange kyrkje er ei steinkyrkje frå midten av 1200-talet i Stange kommune kommune i Innlandet fylke. Ho avløyste i si tid ei enda eldre steinkyrkje. I 1620 slog lynet ned, og mellomalderinventaret brann opp. Kyrkja vart utvida med ein ny fløy mot nord i 1703, den såkalla «Nykyrkja», oppført dels med stein frå domkyrkjeruinane på Hamar. Våpenhuset i vest er frå tidleg på 1800-talet, og i 1928 fekk kyrkja glasmåleri laga av Gabriel Kielland. Mange kjenner Stange kyrkje frå eit bilete måla av Harriet Backer.
Hulda Bergersen, seinare Garborg, blei døypt her i 1862.
På prestegarden står mellom anna eit par hus frå 1700-talet som er freda.
Galleri
Litteratur
Bakgrunnsstoff Stange kyrkjelyd
Stange kommune – Stange kirke
Kategori:Kyrkjer i Stange Kategori:Kulturminne i Stange Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Hamar domprosti Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Valkyrkjer i 1814