Ljøtehola eller Ljøtehølet (av dialekt for ‘stygg’) er ei grotte i Ål i Hallingdal i Buskerud fylke. Hòla er ei såkalla tektonisk grotte og består av ei kring 50 meter djup sprekk. Grotta har oppstått som følgje av forskyvingar i bergmassen rundt.
I ei segn om hola skal ein kalv med bjølle ha falle ned i henne. Ei stunde seinare kunne folk høyre lyden av bjølla under jorda ved garden Strand, fleire hundre meter unna hola. I ein variant av segna dukka kalven seinare opp ved Strandafjorden. Kjelder
Kategori:Grotter i Buskerud Kategori:Geografi i Ål