Ole Erichsen () var ein norsk konditor, fabrikkeigar og politikar for Høgre frå Trondheim.

Liv og gjerning Erichsen tok eksamen ved kjemilinja ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1881. Han arbeidde deretter som konditor i faren sitt konditori i Trondheim, åra 1884-86 gjekk han i konditorlære og arbeidde på ein sjokoladefabrikk i Düsseldorf. I 1886 tok han over Erichsens konditori i Trondheim og E. Erichsens Dampchokolade- & Sukkervarefabrik etter faren Ernst Erichsen, og drev familiefirma fram til sonen Odd Erichsen tok styringa i 1920. Ole Erichsen var delaktig i oppstartinga av hermetikkfabrikken Trondhjem Preserving Co., Trondhjems Aktiebryggeri A/S og Nidar Chokoladefabrik A/S, og var styreformann i fleire industrielle foretak.

Erichsen var medlem av Trondheim bystyre frå 1897 til 1922, og var varaordførar 1911–1912. Elles var han styremedlem i Den Norske Fællesforening for Haandværk og Industri frå 1898, medlem av arbeidsutvalet i Norsk Arbeidsgiverforening, formann i Trondhjems Håndverks- og Industriforening i 12 år, medlem av Norges Husflidsråd 1910-25, formann i Norske Konditorers Landsforening frå 1917.

Dei to stortingsperiodane 1906-09 og 1913-15 representerte Erichsen valkrinsen «Bratøren og Ihlen» på Stortinget. I fyrste perioden, då han hadde sete i næringskomite nr 2, vart han vald på programmet til Samlingspartiet, i den andre perioden møtte han for partiet Høgre og var medlem av justiskomite nr 2 og av tollkomiteen.

Han var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden frå 1947 og riddar av Dannebrogordenen, og vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Denne artikkelen bygger på «Ole Erichsen» frå , den 1. desember 2013.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre