Nøtterøy kyrkje ligg på Nøtterøy i Færder kommune, Vestfold. Ho er soknekyrkje i Nøtterøy sokn. Vestskipet og tårnfoten utgjer det opphavlege kyrkjebygget. Kyrkja blei opphavleg bygd omkring 1100 i gråstein i romansk stil. Ho er utvida mot aust som korskole i to tilbyggingsetappar som gjekk føre seg i 1839 og 1883. Kyrkja har om lag 500 sitteplassar og to galleri.
Kyrkja var opphavleg innvigd til Maria møy, med festdag 16. august. Dette framgår både av jordeboka til biskop Eystein (1398) og eit brev frå Pave Johannes XXII, sendt frå Avignon i Sør-Frankrike i 1323. I dette brevet, som er den eldste etterretninga om kyrkja, blir ho omtala slik på latin: «ecclesia de Niotaroy...beatissime virgins Maria constructa». På norsk blir dette Nøtterøy kyrkje...bygd til ære for den sæle jomfru Maria.
Kyrkja utgjer midtpunktet i eit vakkert kyrkje- og gravlundsanlegg. Like ved ligg det eit lite parkanlegg med eit krigsminnesmerke, utført av bilethoggaren Carl E. Paulsen, oppført til ære for norske krigsveteranar. Eit relieff ved minnetavla i våpenhuset i kyrkja, over falne frå andre verdskrigen, er laga av same kunstnaren.
Det finst steinrelieff på enkeltsteinar i kyrkjemuren. Desse kjem kanskje frå den opphavlege kyrkja og kan i så fall daterast til siste halvdel av 1100-talet.
Kyrkjeskipet er ein modell av ein korvett. Det var ei gåve frå Johannes Pedersen Bruu og blei hengt opp i 1817.
Midt i kyrkja heng det ei stor prismelysekrone, som blei skjenka som gåve av Nøtterøys mange skipsreiarar i 1868.
Altertavla blei måla av Jakob Lindegaard rundt 1770. Biletet viser Jesus på krossen, omkransa av jomfru Maria og Maria Magdalena knelande ved krossfoten og Johannes som står til høgre for krossen. På vengjene til altertavla kan ein sjå to figurar. Den eine symboliserer vona (ankeret) og den andre trua (krossen). I toppstykket er det hebraiske gudsnamnet Jahwe måla i gull.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Færder Kategori:Nøtterøy Kategori:Kyrkjer i Tønsberg domprosti Kategori:Kulturminne i Færder Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Vestfold