A Night at the Opera er det fjerde studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i november 1975. Det vart produsert av Roy Thomas Baker i lag med Queen, og var det dyraste albumet som var spelt inn då det kom ut.[ Allmusic – Queen] Albumet har henta namn frå Marx-brørne-filmen A Night at the Opera, som bandet såg ein kveld i studioet medan dei spelte inn albumet."The Story of Bohemian Rhapsody», BBC, dir. Carl Johnston, First broadcast 4. desember 2004Roger Taylor interview on Supersonic Saturday Scene in 1976 Albumet vart opphavleg gjeve ut på EMI i Storbritannia, der det nådde toppen av UK Albums Chart i fire veker, og Elektra Records i USA, der det nådde fjerdeplassen på Billboard 200 og vart det første albumet til bandet som selde til platina i USA. Verda over har albumet seld over seks millionar eksemplar.
A Night at the Opera inneheld mange musikkstilar, frå balladar og songar i varieté-stil, til hardrocksongar og progressiv rock. Det inneheldt òg den mest suksessrike singelen til bandet, «Bohemian Rhapsody», som vart den første singelen deira som nådde toppen i Storbritannia, og ein av dei mestseljande singlane både i Storbritannia og i verda.
Utgjeving og ettermæle
Albumet var det dyraste som var spelt inn då det kom ut, og May har sagt at om ikkje A Night at the Opera hadde blitt ein suksess, så hadde Queen gitt seg.A Night at the Opera 30th Anniversary DVD release (audio commentary) Albumet vart ein stor suksess og debuterte på toppen av den britiske albumlista og låg i alt fire veker på toppen av lista. I USA nådde det fjerdeplassen, den høgaste plasseringa deira til då. I 1977 vart «Bohemian Rhapsody» nominert til to Grammy-prisar for beste popsong av ei gruppe og beste vokalarrangement.
I eit intervju på den tida sa Kris Nicholson i Rolling Stone at sjølv om dei som andre heavy metal-grupper hadde ein hang til å «manipulere dynamikk», så er Queen i ein liga for seg sjølv innan sjangeren og skilde seg ut med å nytte «usannsynlege effektar: akustisk piano, harpe, acapella-vokal, ingen synthesizerar. I lag med gode songar.» Melody Maker kalla albumet «eit album du må ha», og oppfordra lyttarane til «å skru opp og nyt»,A Night at the Opera Melody Maker. Retrieve 18. mai 2016 medan Winnipeg Free Press skreiv: «Potensialet til gruppa er praktisk talt endelaust, og indikerer at Queen kjem til å ta plass blant dei handfulle, verkeleg store banda i rocken i dag.»A Night At The Opera Winnipeg Free Press. Henta 18. mai 2016
AllMusic og Stephen Thomas Erlewine kalla albumet «eit sjølvmedviten latterleg og oppblåst hardrock-meisterverk» og «progrock med humoristisk sans og dynamikk». Erlewine meinte at Queen «aldri gjorde det betre noko gong».A Night at the Opera. Allmusic. Henta 18. mai 2016. Rockehistorikaren Stephen Lambe har hevda at albumet er progressiv rock i boka si Citizens of Hope and Glory: The Story of Progressive Rock. Han skreiv: «Sjølv om det er langt frå progressiv rock, var dette det mest grandiose og ambisiøse albumet bandet hadde gjeve ut til no, fulle av flotte songar og prog-påverknader.» Han sa albumet var «eit fint symbol på det lengste progrockrørsla strekte seg». The Dutch Progressive Rock Page konkluderte av A Night at the Opera «kryssar musikalske grenser og kombinerer mange musikkstilar, som gjer det til eit verkeleg progressivt album».
I 2006 skreiv Q at dei følte at dei aldri toppa albumet, som magasinet sa «framleis er praktfullt, monumentalt» som britisk rock sin «største ekstravaganse». Uncut skreiv om «rekkjevidda til det tullete mangfaldet til bandet». Mojo kalla albumet «eit imperialistisk ekstravaganse, eit overflodshorn». Pitchfork Media og Dominique Leone sa at bandet toppa sine samtidige på albumet utan å avgrense seg sjølv eller spare på noko. I følgje Rhapsody og Mike McGuirk, vert A Night at the Opera ofte rekna som eit av dei største rockealbuma gjennom tidene. McGuirk følte at kombinasjonen av heavy metal, innspelingseffektar, det sofistikerte teatralske, og britisk prakt gjorde albumet vinnande å lytte til.A Night at the Opera at Rhapsody BBC sa om plata: «Jula 1975 vil alltid bli hugsa som jula til Queen. Og A Night at the Opera er framleis den finaste stunda deira.»Queen: A Night At The Opera...remains their finest hour BBC. Henta 18. mai 2016
Lovord Publikasjon Land Lovord År Plassering 1001 Albums You Must Hear Before You Die UK 1001 Albums You Must Hear Before You Die«1001 Albums You Must Hear Before You Die" 2005 * ABC AUS Poll: Top 100 AlbumsThe Top 100 ABC poll 2007 28 BBC UK Poll: Top 100 AlbumsTop 100 Albums. BBC Radio 2. Broadcast 28. august 2006. Archived at rocklistmusic.co.uk 2006 9 Channel 4 UK Poll: Greatest 100 Albums. Archived at besteveralbums.com 2005 13 Classic Rock UK The 100 Greatest Rock Albums EverThe 100 Greatest Rock Albums Ever. Classic Rock. December 2001. Archived at rocklistmusic.co.uk 2001 25 The 100 Greatest British Rock Albums EverClassic Rock «The 100 Greatest British Rock Albums Ever», (rocklistmusic) 2006 17 The 200 Greatest Albums of the 70's (20 greatest of 1975)Classic Rock/Metal Hammer, «The 200 Greatest Albums of the 70s», March 2006 2006 * Kerrang! UK Poll: The 100 Best British Rock Albums EverThe 100 Best British Rock Albums Ever!. Kerrang!. 19. februar 2005. Archived at rocklistmusic.co.uk 2005 19 NME UK Poll: Greatest 100 Albums of All Time«Oasis album voted greatest of all time". The Times. 1. juni 2006 2006 19 Q UK The 50 Best British Albums Evermagasinet Q: «The 50 Best British Albums Ever», July 2003 (archived at muzieklijstjes.nl) 2004 17 Rolling Stone Mexico Poll: The 100 Greatest Albums of All TimeRolling Stone (Mexico), «The 100 Greatest Albums of All Time», December 2004 2004 11 USA Poll: Readers' Top 100 Albums«Readers' Top 100 Albums". Rolling Stone. Issue 907 (17 Oktober 2002). Archived at rocklistmusic.co.uk 2002 82 USA The 500 Greatest Albums of All Time 2003 231 Virgin UK Poll: All Time Top 1000 AlbumsMaung, Carole Aye. «Beatles albums are top 3 of all time". Daily Mirror. 7. september 1998. Henta 23. august 2010. Archived at TheFreeLibrary.com. 1998 87
(*) syner til ei uordna liste.
Nyutgjevingar Albumet vart først gjeve ut på ny i USA på Hollywood Records den 3. september 1991 med to bonusspor, som ein del av ein komplett nyutgjevinga av alle Queen-albuma.
Den 30. april 2002 vart albumet gjeve ut igjen på DVD-Audio med ein 5.1-kanals miks i Dolby Digital og DTS-kringlyd.DVD-Audio titles of note Han inneheld òg den originale videoen frå 1975 av «Bohemian Rhapsody».
Den 21. november 2005 vart gjeve ut igjen på ny på Hollywood Records i høve 30-årsjubileet til albumet og den første singelen, «Bohemian Rhapsody». Denne kom med ein DVD-Video-plata med same innhald og dei originale videoane, gamle og nye konsertopptak (mellom anna «'39» frå Queen + Paul Rodgers-turneen og Brian May på taket av Buckingham Palace som spelar «God Save the Queen») og lydkommentarar av alle fire medlemmane.
I mai 2011 gav Universal Music ut albumet på ny med ekstra bonusplate. I lag med dette kom ei 5.1-kanalsutgåve av albumet på Blu-ray Audio.
Innhald
Songar
Death on Two Legs (Dedicated to....) «Death on Two Legs» vert omtalt som Freddie Mercury sitt hatbrev til den tidlegare manageren til Queen, Norman Sheffield, som i fleire år hadde behandla bandet dårleg og misbrukt rolla si som manageren deira frå 1972 til 1975. Dette vart sidan avvist i ein sjølvbiografi som Sheffield publiserte i 2013 kalla Life on Two Legs: Set The Record Straight Life on Two Legs - Norman Sheffield der Sheffield nekta for rykta og refererer til kopiar av dei originale kontraktpapira mellom Quen og Sheffield. Sjølv om songen ikkje har nokre direkte referansar til han, vart Sheffield rysta då han høyrte songen i Trident Studios då albumet kom ut og saksøkte bandet og plateselskapet for ærekrenking. Saka enda i forlik, og dette avslørte seinare sambandet hans til songen.
Under konsertane introduserte Mercury som regel songen til «ein verkeleg jævel av ein herre», men denne linja vart sensurert i versjonen som finst på konsertalbumet Live Killers i 1979.
I dokumentaren Classic Albums om innspelinga av A Night at the Opera sa Brian May at bandet først var noko forbløffa over den bitre teksten til Mercury og vart av Mercury skildra som «så hemngjerrig at Brian følte seg slem av å syngje han».03-17-1977 Circus Magazine.
Som med «Bohemian Rhapsody», vart det meste av gitarpartia på songen først spelt på piano av Mercury, for å syne May korleis han ønskte det på gitar. «Death on Two Legs» stod på setlista til Queen til og med The Game-turneen i 1980, og vart så droppa.
Lazing on a Sunday Afternoon «Lazing on a Sunday Afternoon» er ein song av Mercury. Han spelte piano og song all vokal. Solovokalen vart sungen i studio og reprodusert gjennom hovudtelefonar i ei tinnbøtte ein annan stad i studio. Ein mikrofon fanga opp lyden frå bøtta, som gav det ein hol «megafon»-lyd. Gitarsoloen skal ha blitt spelt på vokalsporet, sidan det ikkje var fleire spor igjen å bruke.
I'm in Love with My Car «I'm in Love with My Car» er ein song av Roger Taylor. Songen vart først rekna som ein spøk av May, og trudde ikkje Taylor var seriøs då han spelte inn ein demoversjon av songen.
Taylor spelte gitar på den originale demoen, men denne vart sidan spelt inn på ny av May på hans Red Special. Taylor song solovokal på studioversjonen og seinare konsertversjonar.I'm In Love With My Car UltimateQueen Henta 20. mai 2016 Rusinga av ein bil mot slutten av songen vart spelt inn med den dåverande bilen til Taylor, ein Alfa Romeo. Tekten var inspirert av ein av scenearbeidarane til bandet, Johnathan Harris, som hadde ein Triumph TR4 som visstnok var hans «livs kjærleik» Songen er dedisert til han og på plateomslaget står det: «Dedicated to Johnathan Harris, boy racer to the end».
Då den første singelen skulle ut, likte Taylor så godt denne songen at han innstendig bad Merury (som skreiv den første singelen «Bohemian Rhapsody») om å gje han ut som B-sida til singelen, og skal ha låst seg inn i eit skap fram til Mercury gjekk med på dette. Denne avgjersla skapte seinare mykje strid i bandet, for sjølv om songen berre var B-sida til singelen, skapte han like høge honorar for Taylor som hovudsingelen gjorde for Mercury.https://books.google.com/books?id=VyBp_VEiIVYC&pg=PA179&lpg=PA179#v=onepage&q&f=false
Songen vart ofte spelt på konsertar i 1977-1981. Taylor song songen bak trommene sine, medan Mercury spelte piano og song korvokal. Han vart spelt på Queen + Paul Rodgers Tour i 2005 og Rock the Cosmos-turneen i 2008. Taylor spelte igjen songen på konsertar med The Cross og på soloturnane sine, der han spelte rytmegitar i staden for trommer.
You're My Best Friend «You're My Best Friend» var den første singelen til Queen skriven av John Deacon. Han skreiv songen medan han lærte seg å spele piano. Han spelte eit Wurlitzer elektrisk piano (som Mercury kalla eit «frykteleg» instrument i eit intervju) på innspelinga, og spelte inn bassen seinare. Songen vart skriven for kona hans, Veronica Tetzlaff. Songen nådde topp 10 på singellista.
'39
«'39» var eit forsøk frå May på å skrive ein «sci-fi skiffle». «'39» fortel soga om ei gruppe romforskarar som legg ut på ei eitt år lang reise, men då dei kjem attende, skjønar dei at det har gått hundre år på grunn av tidsdilatasjon-effekten i den spesielle relativitetsteorien til Einstein, og alle dei hadde kjær er anten døde eller veldig gamle.
May syng songen på albumet, med korvokal av Mercury og Taylor. På konsertane song Mercury songen. May bad bassisten John Deacon om spele kontrabass på songen som ein spøk, men eit par dagar seinare dukka Deacon opp i studio med instrumentet, og hadde alt lært seg å spele instrumentet.