Mušketovbreen er ein stor isbre som flyt nordaustover, og drenerer området mellom Wohlthatmassivet i vest og Weyprechtfjella, Payerfjella og Lomonosovfjella i aust i Dronning Maud Land. Han vart oppdaga og kartlagd frå flyfoto av Den tyske antarktisekspedisjonen i 1938-39. Han vart kartlagd på ny frå flyfoto og landmålingar av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1958–59, og kalla opp etter Ivan V. Musjketov (1850–1902), ein russisk geolog og geograf.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst