Puyehue og Cordón Caulle er to samanvaksne vulkanar som dannar eit stort fjellmassiv i Puyehue nasjonalpark i Andes i Ranco-provinsen i Chile. Innan vulkanologien vert denne gruppa kalla Puyehue-Cordón Caulle-vulkankomplekset (PCCVC). Fire forskjellige vulkanar dannar vulkangruppa eller komplekset, kalderaen Cordillera Nevada], vulkanen Mencheca frå pliocen, sprekkventilen Cordón Caulle og stratovulkanen Puyehue.

Som med dei fleste stratovulkanar i Det andinske vulkanbeltet ligg Puyehue og Cordón Caulle i kryssinga mellom ei tverrgåande forkasting og den større nord-sørgåande Liquiñe-Ofqui-forkastinga. Vulkankomplekset har forma det lokale landskapet og skapt mange vulkanske landformer over dei siste 300 000 åra. Sinderkjegler, lavadomar, kalderaer og krater finst i området utanom dei sørlege områda, der ein finn særs mange forskjellige vulkanske bergartar, til dømes både primitive basaltar og rhyolittar. Cordón Caulle er kjend for utbrotet som følgde jordskjelvet i Valdivia i 1960, det kraftigaste jordskjelvet som er registrert.Lara, L.E., Naranjo J.A., Moreno, H. "Rhyodacitic fissure eruption in Southern Andes (Cordón Caulle; 40.5°S) after the 1960 (Mw:9.5) Chilean earthquake: a structural interpretation". Journal of Volcanology and Geothermal Research. vol 138. 2004.

Puyehue-Cordón Caulle-området er eit av hovudområda som vert undersøkt for utnytting av geotermisk energi i Chile. Geotermisk aktivitet finst på overflata av Puyehue og Cordón Caulle som fleire varmekjelder, solfataraer og fumaroler.Sepúlveda, Fabián; Lahsen, Alfredo; Dorsch, Klaus; Palacios, Carlos and Bender, Steffen. Geothermal Exploration in the Cordón Caulle Region, Southern Chile. Proceedings World Geothermal Congress 2005.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Puyehue-Cordón Caulle» frå , den 17. januar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Stratovulkanar i Chile Kategori:Kalderaer i Chile Kategori:Vulkansprekker Kategori:Fjell i Chile Kategori:Vulkanar i Los Ríos-regionen Kategori:Vulkanar i Los Lagos-regionen Kategori:Varmekjelder i Chile Kategori:Aktive vulkanar Kategori:VEI-4-vulkanar